Sognefjord - den nye sommarfavoritten

 

Sognefjorden - eit av verdas mest kjente reisemål 

 

Ingen andre stader finn du ei slik unik samansetning av fjordar, fjell og mektige isbrear. Dette gjer Sognefjorden til ein verdskjendis. Her finner du dei absolutt største naturopplevingar. Eg er Sognefjord. Velkomne til meg.  

 

Eg er Sognefjord

Klikk & utforsk Sognefjord

Klikk & utforsk Sognefjord

Langs ved Sognefjorden ligger det 19 små fjordbygder. Kvar vil du reise?

Vik

Med små fargerike hus tett i tett på Vikøyri er dette noko du må oppleve når du besøkjer Vik.  

Høyanger

Med kraftindustri tilbake til tidleg 1900 talet og dei små fjordbygdene Vadheim og Lavik er Høyanger verdt eit besøk.

Balestrand

Kunstbygda Balestrand med Kviknes Hotel, St. Olafs kyrkja, dei vakre villaene i Villavegen og den prisbelønte cideren frå Ciderhuset. 

Lavik

Det ytterste punktet i Sognefjorden er Lavik. Her kan du oppleve små hotell, aktivitetar og fjelltur med utsikt over Sognefjorden.

Fjærland

Fjell, fjord og bre – i Fjærland får du det. Fjordbygda har Jostedalsbreen som næraste nabo og status som internasjonal bokby.

Årdal

I Årdal finn du fantastiske Utladalen, med vakre Vettisfossen og aktivitetar for store og små. Prøv kajakk på fjorden eller ei vandring i rikt landskap. 

Aurland

Frå sentrum av Aurlandsvangen har du kort veg til Stegastein Utsiktspunkt og Aurlandsdalen med fantastiske fjellturer

Sogndal

Sogndal er "hovudstaden" i Sognefjorden og er kjent for Fjellsportfestivalen, fantastisk laussnø, fotball og produksjon av saft og syltetøy.

Solvorn

Velkommen til perla ved Sognefjorden, Solvorn der du finner Norges eldste hotell, Walaker Hotel.

Hafslo

Hafslo er jordbruksjuvelen og er ein av dei beste jordbruksområda ved Sognefjorden. Finn din aktivitet og overnatting i området.

Luster

Med små bygder i Luster som Marifjøra, Gaupne og Luster kan du oppleve innandørs badeanlegg, sauna, bakeri og mange flotte fjellturer med utsikt over den irrgrønne Lustrafjorden.

Jostedal

Velkomen til blåisens rike i Jostedalen. Bli med erfarne guidar på breen og opplev den magiske verden. 

Kaupanger

I Fjordbygda Kaupanger finner du Sognefjordens einaste flyplass Sogndal Lufthamn Haukåsen. Besøk Kaupanger Stavkyrkje eller utforsk eit eldorado av fjellturar, alt frå lette til lengre turar.

Skjolden

Skjolden ligg innerst i Sognefjorden og er omkranset av stupbratte fjell og fossefall. Nord – Europas høgste fjellovergang, Nasjonal Turistveg Sognefjellet starter her.

Lærdal

Ei kongeleg vandring i lokalmat. Borgund Stavkyrkje, Kongevegen og Gamle Lærdalsøyri med sine 161 verna trebygningar og fjordlandskap på UNESCO si liste er noko av det Lærdal kan tilby.  

Flåm

Den største attraksjonen i Flåm er Flåmsbana, men også eit fjordcruise frå Flåm til UNESCO Nærøyfjord er også noko du må få med deg. 

Gudvangen

Velkommen til Vikingane sin dal, Gudvangen. Verdas vakraste og mest spektakulære fjord, UNESCO Nærøyfjord ender i Gudvangen.

Undredal

Midt i verdsarven ligg den lille fjordbygda Undredal som er mest kjent for geitosten og har den minste stavkyrkja i Skandinavia.

Leikanger

Leikanger er frukt og honningbygda ved Sognefjorden der om lag 80 000 eple, pærer og plommetre blomstrer kvart år. 

Midt i hjartet av det norske fjordlandskapet og berre ein kort køyretur frå Trondheim, Oslo og Bergen ligg Sognefjorden.

norgeskart

Velkommen til sommaren du aldri vil gløyme!

Opplev Sognefjorden

Få stader finn du eit så stort og komplett utval av sommaraktiviteter og unike opplevingar, som kring Sognefjorden. Fire årstider på ein og same dag er heilt vanleg. 

Eit naturlandskap og mangfald fullt av kontrastar, einestående naturopplevingar og spennande aktivitetar for heile familien.

Nokre favorittar:

- På isen

Guida tur i blåisen på Jostedalsbreen

- På fjorden

Bli med ut på Sognefjordenkajakk, på SUP brett, fartsfylt RIB turar, spanande fisketurar eller eit av fleire fjordcruise på "The King of The Fjords", Kongen av fjordane. 

- Inspirasjon

Historiske UNESCO-områder, Stavkyrkjer, Vikinglandsby, Flåmsbana, Museum og ViteMeir

- Aktiv ute

Prøv deg på Nordens lengste Zip-line, juving og rafting i ville breelvar.

"Fjedli Kadla - Eg lyte gao"

Med Sognefjorden sine ville og vakre dalfører og utsikt til smaragdgrøne fjordar vil ein fjelltur ta pusten frå deg. 

 

Litt av alt, men mest av det beste! 

Bestill dine ferifavoritter her

Overnatting kring Sognefjorden

Uansett kvar og korleis du vel å bu langs Sognefjorden, er du omgjeven av prisvinnande natur og berre ein kort reiseveg frå aktivitetar, attraksjonar og populære turruter. Her finst overnatting for kvart ynskje og budsjett. 

- Historiske og luksuriøse hotel med lange og stolte tradisjonar.
- Ærverdige fjordhotell med "all inclusive".
- Sjarmerande og romslege hytter for storfamilien. Eller kva med ei speglehytte?
- Campingplassar i ett med naturen og stor boltreplass for barn i alle aldre.                                                                                                                                

- Bu unikt i tretopphytte eller på kanten av eit stup med verdas vakraste utsikt. Ombygde naust eller leilegheitskompleks berre eit byks frå fjorden.

Overnatting

Sørheim Fjordpanorama, Luster
Photo: Håvard Nesbø

Overnatting

Overnatting med utsikt til Norges lengste fjord, Sognefjorden

Lokal mat og drikke

Velkomne til Cideren sitt eige kongerike.

Visste du at..

  • Cideren sin norske opprinnelse mest sannsynleg stammar frå Sognefjorden?
    • Det første skriftlege tegnet på fruktdyrking i Norge finn du i Vik i Sogn. I Sverres saga står det om ein episode frå år 1201 der det nemnast ein "Aldinhage" - aldin er norrønt for eple. 
  • Sognefjorden sin lokale mattradisjon strekkjer seg over tusen år tilbake i tid
    • Kortreist mat med identitet, så langt vekk du kjem frå den store matindustrien som mogleg. "Me ha laga da sjølve" 
    • Det er ekte, det er naturleg og det er lokalt. Fersk fisk og skalldyr frå fjorden, frukt og grønt frå  fruktar morenejord skapt av isbreane gjennom tusenvis av år som gir oss nokre av landets beste avlingar. Poteter, bringebær, epler og pærer. Moreller, fersken, aprikoser og jordbær. Geitost, gamalost og brimost. Vilt fra skog og fjell. Du er sikra ein kulinarisk smaksfest for både auge, munn og midje. Alt dette, som oftast servert med spektakulær natur og utsikt som unike kulisser.

      Velkommen til bords i kontrastane sitt rike. 

Mat & Drikke kring Sognefjord

Arrangement om sommaren ved Sognefjorden

FJØRAROCK May 24

FJØRAROCK

Fjørarock invitera til musikk festival i sentrumsparken i Sogndal! Dette er…

Føl oss på Instagram