Opplev Kongevegen
Kongevegen - verdas vakraste fottur på den første køyrevegen mellom aust og vest
Kongevegen er kanskje verdas vakraste fottur, belønna med Europa Nostra som einaste av sitt slag i Europa, og med Vakre Vegars Pris.
Kongevegen over Filefjell svingar seg frå innlandsdalen Valdres, over høgfjellet Filefjell og ned den dramatiske vestlandsdalen Lærdal før den endar på Gamle Lærdalsøyri ved Sognefjorden. Turen tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Norge.
Kongevegen var den første køyrevegen (for hest og kjerre) mellom Austlandet og Vestlandet, bygd over fjellet i 1793.
Turvegen er delt inn i 13 delstrekningar med eigne inngangar og utgangar og parkering, som gjer at du kan gå enkle dagsetappar eller lengre turar over fleire dagar.
Langs vegen er det overnattingsstadar, spisestadar samt ei lang rekkje attraksjonar og opplevingar som stavkyrkjer, gårdsmuseum, ulike kulturlandskap, husmannsplassar, gamle gardar, gravfelt fra vikingtida osb. På mange måtar vandrar du gjennom norgeshistoria i dette landskapet. Kring halvparten av dei 100 km. følger den autentiske vegen frå 1790-åra eller etterfølgaren frå 1840-åra.
Du kan oppleve Kongevegen i 2, 3 og 5-dagars turpakker heile året som best tilpassar dagslengder med kvar det fins overnattingsstadar og opplevingar langs ruta. Sjå turpakkene her.
Området rundt Kongevegen
Borgund Stavkyrkje
Borgund Stavkyrkje er eit unikt døme på imponerande byggjekunst frå mellomalderen som er eit…
Guida vandring Lærdalsøyri
Opplev Kongevegen - Gamle Lærdalsøyri med guide
Kongevegen Høgdepunkta (Vindhella/Galdane)
Opplev dei mest berømte partia av Kongevegen over Filefjell - Tur til Vindhella med Guide
Kongevegen Fjellpasset - 3 dagar
Følg i spora etter dei norske mellomalderkongane. Gå frå Øye opp austsida av Filefjell til toppen på…
Fredag & Fretland Bakeri
Fredag & Fretland Bakeri er lokalisert i Lærdal sentrum med eit rikt utval av nybakte boller og…
Spørsmål om Kongevegen:
- Kor mange km. er Kongevegen over Filefjell? Den er 100 km lang og delt opp i 13 delstrekningar av ulike lengde
- Kor lang tid tek det å gå frå Vang i Valdres til Lærdalsøyri? Går du heile vegen brukar du frå 3 til 6 dagar, alt etter som. Du kan lett gå deler av vegen på færre dagar.
- Kan vi gå kvar dag? Kongevegen er tilgjengeleg til fots heile året i Lærdal, vår, sommar og haust i Vang og mellom cirka 10. juni og 1. oktober over Filefjell. Om vinteren er den tilgjengeleg på ski og truger over Filefjell.
- Kan vi sykle Kongevegen? Anbefalt sykkelrute følger ein anna trasé enn den originale Kongevegen for å ta vare på det sårbare kulturminnet. Etter vegomleggingar er gamle E16 ved siden av blitt ei fin sykkelrute.
- Kva er beste måten å oppleve Kongevegen? Visit Kongevegen har turpakker som er tilpassa dagleg gålengder med gode overnattingstadar og som gjev deg best oppleving av vegen og områda rundt. Pakkene inkl. bagasjetransport og andre ting for den beste opplevinga. Det tilbys både sommar- og vinterpakker. Sjå meir her.
God Tur!