People of the North - Velkomne til Sogndal og bygdene rundt
Opplev fjordbygdene Sogndal, Kaupanger, Balestrand og Fjærland
Første besøk People of the North hadde i Sognefjorden var i Sogndal og garden til Sigrid. Sigrid tek dei med til Anestølen som ligg lengst framme i dalen. Du kan parkere på Selseng og gå fram eller betale bompeng og køyra fram. Selskapet Explore Sogndal har guida fotturar, sykkelturar, SUP og kajakkturar til Anestølen. Ved å lage mat ute så er ein lenger ute, seier Sigrid som servera hjortegryte, nysteikt brød; laga på bålet.
Kun 15 minutt køyring frå Sogndal kjem ein til Kaupanger og Ramnereiret. Der kan ein bu som ekte viking i tretopphytta. Tretopphytta er inspirert av stavkyrkjene Urnes og Borgund og her har familien hatt masse jobb med utskjeringar og kunstnarisk utforming for å skape den rette atmosfæren.
Opplev Sogndal og Kaupanger
Velkomne til Fjærland
Gå i fotspora til People of the North der Arne, Stig blir med Sigrid til Balestrand der dei møter Kaptain Tor og Balestrand Fjord Angling. På ein guida fisketur får gjestene bli med og dra opp tainer og garn fylt med dei herlegaste matskattane frå fjorden. Turen går vidare innover Fjærlandsfjorden og innom det nydelege kvite trehotellet ved fjorden, Fjærland Fjordstove Hotell som tek i mot fangsten og tilbereder dette til dagens rett.
I Fjærland besøkjer dei Den Norske Bokbyen der dagleg leiar Randi informera stolt om om tusenvis av bøker du kan få kjøpt både ute og inne i heile Fjærland sentrum. Etter ein liten gåtur i bokbyen går ferda vidare til Fjærland Guiding sin Sauna, Dampen. Arne og Sigrid hoppar ut i den kalde Fjærlandsfjorden og varmar seg i Dampen etterpå.
Turen går vidare til Norsk Bremuseum og direktør Anne Mundal Skjelten der Arne og Sigrid får eit innblikk i historia til museet og Jostedalsbreen Nasjonalpark. Korleis har breane skapt landskapet?
Opplev Fjærland
Balestrand Fjord Angling
Kaptain Tor tek deg med på guida fjordfiske i Balestrand, den gode opplevelsen.
Fjærland Fjordstove Hotel
I vakre brebygda Fjærland ligg det eit kvit trehotell, Fjærland Fjordstove, som servera nydeleg…
Den norske bokbyen, Fjærland
Den norske bokbyen sel bruktbøker i vakre Fjærland. Her er 150.000 bøker i alle kategoriar, for alle…
Dampen Sauna Fjærland
Du kjenner at stive musklar slappar av, og den kalde dukkerten i Fjærlandsfjorden treff deg som ei…
Norsk Bremuseum
Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum i Fjærland for heile…
Velkomne til Balestrand
Arne, Stig og Sigrid møter kjentmann og skogsforvaltar Jørgen Hundseth som tek dei med på guida topptur på ski til Raudmelen i Balestrand. The Guardian har kåra Raudmelen som Topp 10 toppturar i verda – noko som alle må oppleva med nydeleg fjordutsikt til den mektige Sognefjorden.
Tilbake på kaien i Balestrand står RIB båtane til Balestrand Adventure og Vik Adventure klare for ein guida tur innvover den vakre og stille fjordarmen, Finnafjorden. Her ligg gardane Finden og Finnabotn som ei perle på ei snor.
Etter RIB tur møter dei Eli Grete og Åge frå Ciderhuset. På Ciderhuset får dei servert cider til ulike typer mat og dagleg leiar Tuba viser Sigrid korleis ein lagar sjokolade med smakar av tørka frukt frå Ciderhuset.
På ærverdige Kviknes Hotel møter dei Hotellsjef Sigurd Kvikne og historia frå hotellet og Balestrand som har vore besøkt i lang tid frå kunstnara, Kaiser Wilhelm, kongar og finfolk som har feriert i området og oppdaga denne fjorden for veldig lenge sida.
Ferda går vidare til Dragsvik Fjord Hotell som ligger vakkert plassert på Dragsvik like ved ferjekaien. Hotellsjef Anne Randi fortel om hotellet som får levert kjøt, frukt og grønt frå lokale bønder der kokken Daniel servera eit nydeleg stykke norsk måltid til Arne og Stig.
Opplev Balestrand
Finnabotn RIB Tur
Bli med Balestrand Fjord Adventure med RIB båt til Sognefjordens smaleste fjordarm, Finnabotn.
Vik Adventure RIB
Vik Adventure tilbyr RIB turar frå Vik i Sogn til Arnafjorden og Finnabotnen kvar dag i Høgsesongen.
Ciderhuset, Balestrand
Ciderhuset ligg i Balestrand i ein økologisk frukthage med over 100 fruktsortar, 15 min spasertur…
Kviknes Hotel
Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei mest…
Dragsvik Fjordhotell
Velkommen til det gode livet ved fjord og fjell! På halvøya Dragsvik i Balestrand ved idylliske…