People of the North ved Sognefjorden

 

Gå i fotspora til People of the North kring Sognefjorden

Bli med Arne Hjeltnes, Stig Bareksten og sogningen Sigrid Hjenum på ei spektakulær reise gjennom Sognefjorden! I programmet People of the North får du oppleve fjorden slik du aldri har sett den før – med rå naturoppleving, spennende aktiviteter og unike smaker. 

Sykle den legendariske Rallarvegen, eller bli med på ein fartsfylt RIB-tur frå Balestrand. Dei dramatiske fjella som reiser seg frå fjorden, dannar ei perfekt ramme for eventyret. 

Hjeltnes tek deg også med på ein kulinarisk reise der naturen møter ekte smaker. Lag mat på ein isbre, nyt ferskfanget fisk tilberedt av profesjonelle kokker, eller smak på den tradisjonsrike gamalosten – ein viktig del av vår matkultur. 

Besøk ei stavkyrkje, gå i vikingane sine fotspor i Gudvangen, og opplev den mektige naturen som gjorde sjølv dei tøffaste vikingane mållause. 

Avslutt reisa med eit fjordcruise og nyt Sognefjorden frå eit heilt nytt perspektiv. 

Dette er Sognefjorden – og eventyret startar no! 

Vår anbefaling

Kviknes Hotel

Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei mest…

Breheimsenteret

Breheimsenteret - Det karakteristiske bygget rommar mange funksjonar for tilreisande og lokale, og…

FjordSafari

Basic Fjordsafari - kom tett på naturen i Aurlandsfjorden og delar av UNESCO lista Nærøyfjorden med…

Gå i fotspora til Arne Hjeltnes

Føl oss på Instagram