Opplev påsken i Sognefjorden
Planlegge påsken i Sognefjorden?
Påsken kring Sognefjorden er noko heilt eige. Her får du ei fin blanding av ro, natur og gode opplevingar, akkurat det mange treng etter ein travel kvardag. Når du kjem opp på hytta i fjellet og pakkar ut påskeegga, kjenner du fort at tempoet senkar seg. Med appelsin i sekken, ski på beina og kanskje mobilen på flymodus, er det lett å kople heilt av.

Overnatting i fjella?
DNT-hyttene er opne og klare for besøk, og det er noko spesielt med dei enkle, koselege hyttene midt i naturen. Du vaknar til frisk fjelluft og stille morgonar, før du tek turen ut i løypene. Langrenn er populært, men mange tek òg turen opp i høgda på topptur for å nyte utsikta over fjorden og fjella rundt.
Påskestemning på Turtagrø Hotel
Turtagrø Hotel ligg 884 meter over havet i Vest-Jotunheimen og har røter heilt tilbake til 1880-åra. Området rundt Turtagrø og Hurrungane vert rekna som sjølve opphavet til fjellsporten i Noreg. Hotellet er ein naturleg møtestad for fjellentusiastar som søkjer opplevingar som vårskiturar, fotturar langs merkte stiar, toppturar, breturar og klatring i høgfjellet.
Turtagrø opner til påske
Påskesteming i fjella
Eit ekstra høgdepunkt for turen
Påske i Skianlegga?
Skisentera i Sogndal og på Hafslo har gode forhold og god stemning i påsken. Her er det liv i bakkane frå morgon til ettermiddag, med både små og store som kosar seg på ski. I skisentra kan du enkelt leige utstyr, så det er berre å møte opp og ta med familien ut i bakken – enten du er nybegynnar eller har stått mykje på ski før. Skiinstruktørane står klare til å hjelpe deg, og gir gode tips slik at du raskt kjenner deg trygg og får meir glede av dagen.
Klikk her for meir informasjon om opningstid, prisar, skibuss
For dei som vil ha litt meir ut av turen, kan du ta heisane heilt til topps og gå vidare ut på ein av dei flotte toppturane i fjella rundt. Der opnar landskapet seg, og du får ei heilt eiga kjensle av ro og fridom. Ta deg ein pause på toppen, finn fram appelsinen frå sekken og nyt utsikta over fjord og fjell.
Etter ein aktiv dag ute er det mange som samlar seg til afterski, der stemninga er uformell og god. Her kan ein slappe av, le og dele opplevingar frå dagen før ein gjer seg klar for ein ny dag ute i snøen.
Ski in - ski out Sognefjord?
Sogndal Skisenter tilbyr ski in–ski out-opplevingar i vakre omgjevnader. Her kan du spenne på deg skia rett utanfor døra og gli ut i velpreparerte løyper, perfekt for både familiar og erfarne skikøyrarar. Til påskeferien har skisenteret fleire koselege hytter til utleige, der du kan nyte rolege kveldar etter lange dagar i bakken. Klikk her for bestilling av hytter. I tillegg kan både The Mountain Lodge og Timblalodgen bestillast, med komfort og god atmosfære i fokus. Dette gjer Sogndal Skisenter til eit ideelt reisemål for ei aktiv og avslappande påskeferie i fjellet.
Besøk skianlegga i påsken
Slapp av i Sauna
Når dagen går mot slutten og kroppen er litt sliten etter mange timar i snøen, er det ekstra godt å varme seg. Fleire stader kan du ta turen innom ei sauna og få varmen tilbake i kroppen. Det gir ein skikkeleg god avslutning på ein aktiv dag.
Klikk her for å finne ein sauna i ditt område
Seinare på kvelden kan du ta turen til ei av fjordbygdene og ete godt på restaurant. Lokale råvarer og roleg stemning gir ein fin kontrast til dagen i fjellet.