Høyanger

Velkomne til Høyanger

 

Kva kan eg oppleve i Høyanger?

Omgitt av majestetiske fjell så tett på bebyggelsen ein omtrent kan komma, er Høyanger ein bauta og ein veldig viktig del av Norsk industrihistorie, eit levande eksempel på det norske industrielle eventyret. Noko som pregar bygda den dag i dag. 

Naturen er nok den fremste grunnen til at mange velger å besøke denne delen av Sogn og Sognefjorden. Høyanger kommune er geografisk delt i to, av den mektige Sognefjorden. Ei nord- og ei sørside. 

Fjella i Høyanger er ufortjent mindre kjent enn fjella lengre inne i Sognefjorden. Her blir du liten som person, men stor på mektige naturopplevelser. 

Utforsk Høyanger

Komme seg til og frå Høyanger?

Høyanger kommune ligg ytterst i Sognefjorden med ca. 50 minutters køyring frå Balestrand.

Med buss?

Frå Høyanger så går det daglege bussar utover fjorden til Vadheim, Lavik og Bjordal. Det er også bussforbindelse til dei andre fjordbygdene - sjekk rutetider her

Med bil?

Køyr FV 55 frå Balestrand tek det ca. 40 minuttar til Høyanger og frå Høyanger sentrum via Vadheim ut til Lavik og ferjekaien på E39 tek det ca 50 minuttar køyring. Frå Bergen med bil tek det ca. 1 time og 50 minutt til Oppedal fergekai og vidare til Lavik.

Ekspressbåt til og frå Bergen?

Ekspressbåten frå Bergen innover Sognefjorden stoppar dagleg i Lavik og på Nordeide - sjekk rutetider her

Med ferje? 

I Høyanger kommune ligger dei små fjordbygdene som Lavik, Bjordal, Vadheim og Høyanger. Lavik ligger ytterst i Høyanger med fergesambandet Oppedal - Lavik. Sjå ferjeruter her.

Bli inspirert i Høyanger

Føl oss på Instagram