Sommerferie tips på musea

 

Opplev musea kring Sognefjorden nå i sommar

Kva med å bruke sommaren til å fråtse i kunnskap? Musea i Sogn og Fjordane har laga forslag til "Tour de Museum" med høgdepunkter for deg. 

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand i saman med Universitetet i Bergen laga ei utstilling om ei kvinneleg reisepioner frå tidleg 1800-talet, Cathrine Hermine Kølle. I løpet av 30 år gjennomførte ho 15 lange vandringar i Norge og utlandet og i bagasjen hadde ho skrivesaker, teiknesaker og ein pistol. 

Norsk Reiselivsmuseum

Sogn Fjordmuseum

Sogn Fjordmuseum nede ved fjorden på Kaupanger deler vertane forteljinga om fjorden som livsnerve, ferdselsveg og matfat for bygdene kring Sognefjorden i tidlegare tider. Her får du oppleve den største båten på museet; Skåsheimsbåten som er bygd av Ole Andersen Nybø, kjend som "Gamle Risen". 

Sogn Fjordmuseum

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Sjeldant kulturlandskap finner du på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupanger. Her får du oppleve museumsbonden Kjell Krogset med ljåen og som haustar varsamt av slåttenga. Bli med å mate dyra på garden eller berre la humla suse. 

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Sogn Kunstsenter

Gal eller Genial? er eit spørsmål som blir stilt på Sogn Kunstsenter i Lærdal. Ingrid Norum har laga ei utstilling som viser over 100 verk som lærdalsmålaren Hans Gjesme skapte medan han var tvangsinnlagt på Gaustad psykiatrisk sjukehus i 16 år. 

Sogn Kunstsenter

Les meir her om dei ulike ferietipsa frå Musea i Sogn og Fjordane og kjøp museumspass som du kan bruke på alle musea i Sogn og Fjordane. 

Føl oss på Instagram