Overnatting, mat & drikke i Sogndal

Kvar kan du bu: Urban eleganse møter koseleg komfort 

Sogndal tilbyr eit utval av overnattingsmoglegheiter som passar til alle behov.

I Sogndal sentrum, også kalla Fjøra kan du sjekke inn på Quality Hotel Sogndal, Hofslund Fjordhotel eller Best Western Lægreid Hotel. Ynskjer du eit meir rimeleg alternativ er Sogndal Bed & Breakfast eit godt val for deg. Kjørnes Camping & Fjordhytter er den perfekte plassen om du har med deg bubil, telt eller vil overnatte i ei hytte nær Sogndal. Sogndal Fjordpanorama tilbyr overnatting i elegante hytter med magisk utsikt over Sognefjorden der du kan slappe av i Jaquzzi. Framme i Sogndalsdalen, nærare bestemt Sogndal Skisenter er det fleire aktørar som har god hytte komfort med kort avstand til heis og fjellturar.  

Kulinariske gleder: Ein verden av smakar ventar 

Opplev Saftbygda Sogndal sitt internasjonale kjøken. Nyt ein variert rekke smakar, frå lokale delikatesser til globale klassikere. Uforgløymelege alternativ inkludera tradisjonelle norske rettar og internasjonal fusion-mat. 

Føl oss på Instagram