Overnatting, Mat & Drikke i Lærdal
Kvar kan eg bu og ete i Lærdal?
Overnatting for einkvar smak
Kvil med stil på ein av Lærdals mange overnattingsstadar. Med overnatting i historiske Gamle Lærdalsøryi på hotell eller eit sjarmerande pensjonat kan du dagen etter bli med guidar frå Visit Kongevegen gjennom denne erværdige gamle strandsitjar- og handelstaden Lærdalsøyri. Høyr om byplanar og rike handelsmenn, fattige dagarbeidarar og klasseskillje i dette viktige trafikknutepunktet mellom aust og vest.
Få det beste ut av opphaldet ditt i Lærdal der vertskap står i fokus - Lindstrøm Hotell, Lærdal Hotell, Sanden Pensjonat, Maristuen Fjellferie og Husum Hotel tilbyr kvar og ein sine unike opplevingar, frå moderne komfort til tradisjonell sjarm. På Borgund Hyttersenter & Camping finn du også den perfekte plassen for camping når du er i området.
Mat og Drikke i Lærdal?
Lærdal byr på gode opplevingar for alle som er glade i mat og drikke. I sentrum finn du to hyggelege bakeri, Laksen Bakeri og kafé og Fredag & Fretland Bakeri. Her kan du nyte nydeleg bakst, ferske brød og gode kaker saman med ein kopp kaffi.
Tek du turen til Gamle Lærdalsøyri, bør du også stikke innom Landhandelen. Her finn du eit godt utval av lokal mat og drikke frå Sognefjorden, perfekt om du vil smake på lokale spesialitetar eller ta med deg noko godt heim.
Ved Håbakken ligg Sognasmak, som er eit informasjons- og opplevingssenter for lokal mat og drikke. Lokale bønder leverer sine matskatter til Sognasmak. Her kan du oppdage smakar frå Sogn og få eit innblikk i dei gode råvarene området har å by på.
Besøkssenteret ved Borgund Stavkyrkje har også ein koseleg kafé der dei serverer heimelaga suppe, kaker og bakst. Dette er ein fin stad å ta ein pause etter eit besøk i den historiske stavkyrkja.
I sommarsesongen kan du nyte eit betre måltid på Lindstrøm Hotel eller Lærdal Hotel. Ved Borgund Hyttesenter og Camping kan du stoppe for ein pause og få servert alt frå tradisjonell rømmegraut til fast food. Her er det noko for ein kvar smak.