Aktivitet & Attraksjonar i Solvorn

 

Eit glimt inn i Solvorns fordums tid.

Eit av høgdepunkta i Solvorn er dei godt bevarte gamle trehusa som ligg tett i tett, og bidrar til bygdas unike og fascinerande karakter. Dette gir eit unikt innblikk i Solvorn og deler av Sognefjorden sin historie.

Solvorn har ei nydeleg fjordstrand, der du kan slappe av og nyte den smaragdgrøne Lustrafjorden. Ut over sommaren tek temperaturen i fjorden seg opp, og innbyr til lange herlege dagar. 

Men du.

Ikkje gå glipp av den vetle ferja til Lustrabaatane, som kryssar fjorden over til Ornes, den du kan besøkje den UNESCO-lista Urnes Stavkyrkje, eit fantastisk stykke historie, og eineståande arkitektur. Skal du berre oppleva stavkyrkja trenger du ikkje bil, og kan gå opp blant nydelege eplehagar til stavkyrkja, og etterpå ta ferja tilbake til Solvorn. Berre ferja og turen på fjorden er ein oppleving i seg sjølv, resten er krona på verket.

Ein populær trend har blitt å ta med sykkelen på ferja og bruke dagen fram og tilbake på sørsida av Lustrafjorden.

Både Eplet Bed & Apple og Villa Solvorn har utleige av syklar, men ynskjer du ein guida sykkeltur har Fjord Cycling spesialisert seg på ein aktiv ferie blant idylliske fjordbygder og tek deg gjerne med på ei reise.

Føl oss på Instagram