Overnatting, mat & drikke på Kaupanger
Kvar kan eg bu og ete på Kaupanger?
Kaupanger byr på variert og stemningsfull overnatting for både familiar og reisefølgje. På Vesterland Feriepark kan du velje mellom hytter og hotellrom, og barna kan kose seg i det populære leikelandet eller i det innandørs bassenget. For ei unik oppleving ligg Tretopphytta Ramnereiret høgt mellom trea, med fantastisk utsikt og nærleik til naturen. Amble Gard tilbyr sjarmerande gardsovernatting på ein aktiv fruktgard, der du kan smake eigenprodusert cider og saft. Hos Timberlids Hytter finn du komfortable hytter med panoramautsikt over Sognefjorden – perfekt for ein roleg og naturnær ferie.
Vesterland Feriepark
For eit komfortabelt opphold finn du Vesterland Feriepark som tilbyr koselege rom, eineståande service og gode hytter. Vesterland har også badebasseng og leikeland. Om sommaren har Kafè Timber ope.
Ramnereiret
For ein verkeleg unik oppleving, er eit opphold i hytta Ramnereiret og anbefale. Denne unike tretopphytta som det finst kun ein av i heile verda, tilbyr ein spesiell oppleving, bu høgt over Sognefjorden i mektig natur som du vil hugse resten av livet. Ramnereiret er bygd i etter norrøn stil du aldri har sett makan til, og gjester kjem frå heile verda for å oppleva den.
Amble Gård: ein frukt elskars paradis
Besøk og bu på den pittoreske fruktgården, Amble Gård, der du kan skjemme deg bort med regionens finaste produkter med eigenprodusert cider.
Timberlids Hytter
Bu på Timberlids hytter med panoramautsikt over den mektige Sognefjorden.
SmakeMeir på ViteMeir
Kva med lunsj eller middag? Eller berre ein kopp kaffi og ein vaffel? På SmakeMeir får du servert nydeleg lokalmat.