Utforsk vinteren kring Sognefjorden

 

På vinterbesøk utan erfaring på ski? 

 

I Sogn og kring Sognefjorden finn du eit stort utval av aktivitetar gjennom vinteren utan å stå på ski. 

Sognefjorden tilbyr ei mengd fengslande vinteropplevingar som syner fram det fortryllande landskapet, samt den unike naturen.

 

Her får du nokre tips: 

 

Vintercruise

Ein av dei mest ikoniske vinteraktivitetane i regionen er eit fjordcruise på den UNESCO-lista Nærøyfjorden. 

Fjordlandskapet er om mogleg endå meir unikt på vinterstid enn på sommaren. Bratte kneisande fjellsider i svart og kvitt, frosne fossar snødekte fjellsider og eit mykje barskare landskap. Fjord Cruise turane går heile året, om isen vert for tjukk inne i Nærøyfjorden så  vert det alternative ruter.  Alt er så mykje meir roleg på fjorden ein vinterdag. Følelsen av å vera endå meir nært naturen er endå større på vinteren.

 

Flåmsbana

Flåmsbana er kåra til verdas vakraste togreise fleire gonger.  Og er om muleg endå meir dramatisk på vinteren enn om sommaren. Togturen kan gjerast heile året, og ein kan fint kombinere med Bergensbana  eller eit besøk på det veglause høgfjellshotellet Vatnahalsen.  

 

Rib-turar på Sognefjorden

RIB-turar vert meir og meir populært heile året. Det er ei unik oppleving å gli lavt over vassflata ein flott vinterdag. Ein kan også få auge på både fjordsel, ørn og niser. Frisk fjordluft over fjorden er noko du bør unne deg.  Det finst fleire alternativ i kring Sognefjorden. 

 

Trugeturar

Om du ikkje er ein kløppar på ski er ein trugetur absolutt å anbefale. Du finn fleire lågterskel turar rundt om i Sognefjorden. Mange med magisk fjordutsikt. På guida turar kan du nyte naturen på ein heilt unik måte. Opplev den flottaste utsikta frå snødekte skogar, lier og fjell med eller utan guide. Knaset av snø under trugene dine og  den klåre fjellufta – gjev deg ei uforgløymeleg vintertoppleving.

 

Blåisgrotte

Dei vintrane forholda ligg til rette kan du bli med ei eineståande oppleving i Jostedalen. Ei reise under isen kan ikkje beskrivas, men må opplevast. Ta kontakt med Jostedal Hotell om blåisgrotta er tilgjengeleg. Det krevjast eigen guide på desse turane, og ein må rekne med å gå nokre kilometer på ski eller truger over Nigardsbrevatnet. Dette er ei oppleving du aldri vil gløyme. 

 

Kanefart

Ingenting er vel meir nasjonalromantisk enn ein tur i djup snø i ei slede bak ein hest. På Hafslo kan du oppleve denne klassiske vinteropplevinga. 

 

Hundespann

Sjå for deg ein tur over eit snødekt fjellvatn, eller mellom glissen fjellbjørk der ivrige potar  spenner frå i snøen og dreg deg på ein hundeslede gjennom fager vestlandsnatur.  

 

Vinterpadling

Det er ei unik oppleving å padle på Sognefjorden ein kald vinterdag. Bli med profesjonelle guider på ein padletur du ikkje viste eksisterte. Med tørrdrakter kler ein kulda ute, og stilla på fjorden finn ein ikkje andre stader. 

 

Sauna - Badstover

Sognefjorden vert også kalla Saunafjorden på grunn av alle badstovene ein finn rundt ikring. Kombinasjonen av isbading i ein vinterkledd fjord og ei glovarm badstove er eineståande. For å leggje til eit snev av avslapping til vintereventyret ditt, kan du nyte den veksande trenden med badstover spreidd over heile regionen.

 

Utsiktspunkt

Fjellovergangen over Vikafjell byr på flotte utsiktspunkt over Vik og Sognefjorden frå bilvinduet. Dei nasjonale turistvegane over høgfjella er stengt om vinteren, men i Aurland er det ope opp til det verdskjende utsiktspunktet på Stegastein heile året. Utsiktsbrua som går mest ut i lause lukta gjev eit unikt bilete av fjordlandskapet i vinterdrakt. Panoramautsikta er like slåande ein skarp vinterdag som ein lun sumarkveld. 

 

Sognefjordregionen syner fram mangfaldet sitt i vinterdrakt langt utover skibakkar, og inviterer besøkjande til å utforska underverka gjennom fjordcruise, togturar, RIB-safari, trugeturar, hundekøyring, badstover og vinterpadling. Kvar aktivitet lovar unike møter og gjev minner som vil vara livet ut.

 

Guida trugetur

Trugetur, FjordSafari Norway AS, Flåm
Photo: Sverre Hjørnevik/fjordnorway.com

Guida turgeturar ved Sognefjorden

Opplev Sognefjorden på vinteren

Føl oss på Instagram