Velkomne til Fjærland

Bygda under breen

Med sin fantastiske fjordutsikt og ein rik brehistorie er Fjærland ei bygd som kan ta pusten frå deg. I brebygda så får du ein unik fjordutsikt frå Flatbreen som er ein av perlene i Fjærland. Når du køyrer gjennom Fjærland så vær forberedt på ein munnslåande overraskelse – Bøyabreen. Denne utrulege brearmen kan du sjå frå vegen.

Dykk ned i brehistoria på Norsk Bremuseum som ligg sentralt til ved hovudvegen. Norsk Bremuseum er eit interaktivt museum der du kan eksperimentere med is frå Jostedalsbreen.

Sauna på fjorden

Nullstill sansane dine i ei varm badstove og eit bad i den mektige Sognefjorden. Fjærland Guiding tilby saunaen Dampen og Vetle Dampen der du og dine får ein opplevelse de seint vil gløyme. Søker du ein meir aktiv ferie i Fjærland så tilbyr Fjærland Guiding guida kajakkturar i majestetisk natur med Flatbreen som overvaker det heile.

Opplev Fjærland

Til og frå Fjærland

Du kjem deg fint med bil til Fjærland, bygda ligg som ein gjennomfartsåre mellom Sunnfjord og Sogn. Det går rutegående transport som korresponderar med bussar både nordover til Sunnfjord, Sunnmøre og Nordfjord, og andre vegen til indre deler av Sognefjorden, Bergen og Oslo. På sommarstid kan du bli med på Fjordcruise med Glaciertour frå Fjærland til Vik og Balestrand. Sjekk båtruter her og bestill.  

Ynskjer du Taxi på fjorden? Ja, Balestrand Fjord Angling tilbyr turar til og frå Fjærland. 

Oppdaterte bussruter finner du her: vy.no, entur.no og skyss.no

Bli inspirert i Fjærland

Føl oss på Instagram