Gamle Lærdalsøyri
Opplev Gamle Lærdalsøyri - staden som var så viktig for handel og kommunikasjon i det gamle Norge
Gamle Lærdalsøyri er ein av Norges mest autentiske trehustettstadar, i dag med små butikkar, bakeri, kafear og museum
Den gamle staden fans alt på 1100-talet og vart handelsstad frå 1500-talet. I 1841 skulle den få bystatus. Lærdalsøyri var eit viktig trafikknutepunktet mellom aust og vest.
Her føregjekk handel, transport og kulturutveksling mellom austlendingar og vestlendingar, i hovudsak under det årlege Lærdalsmarknaden.
I dag kan du oppleve å handle i små krambuer eller nyte ein kaffe i gamle hus. Du kan besøke bakeri, post- og telemuseum. Du finner lokalmat, søtsaker, reiseminne, antikvitetar. Og du kan overnatte i gamle hotell, pensjonat og krambuer frå 1800-talet.
Eller berre setje deg ned og ta inn atmosfæren.
Kvar er det guida vandring på Gamle Lærdalsøyri der lokale guidar fortel om mellomalderske marknadsdagar, rike handelsmenn, fattige dagarbeidarar, klasseskilje, arkitektur og historie. Norsk og engelsk språk.
Opplev området rundt Gamle Lærdalsøyri
Guida vandring Lærdalsøyri
Opplev Kongevegen - Gamle Lærdalsøyri med guide
Sogn Kunstsenter, Lærdal
Sogn Kunstsenter finn du på Lærdalsøyri, i Lærdal Kulturhus saman med Norsk Villakssenter og Laksen…
Laksen bakeri & kafé
Laksen bakeri & kafé ligger inne i Villakssenteret i Lærdal. Her finner du et rikt utvalg av nybakte…
Fredag & Fretland Bakeri
Fredag & Fretland Bakeri er lokalisert i Lærdal sentrum med eit rikt utval av nybakte boller og…
Nasjonalt Villakssenter
Nasjonalt Villakssenter ligger innerst i Sognefjorden på bredden av Lærdalselva, ein av dei mest…
Spørsmål om Gamle Lærdalsøyri
· Kor stor er Gamle Lærdalsøyri? Tettstaden har om lag 170 trebygningar
· Kan vi bu på Gamle Lærdalsøyri? Det fins hotell, pensjonat og gamle krambuer du kan leige
· Kor lang tid tek det frå Flåm til Gamle Lærdalsøyri? 40 minuttar
· Skjer det noko der kvar dag? Om sommaren skal butikkar, kafear, bakeri vere ope dagleg
· Er det aktiviteter der? Sjekk Kongevegen si aktivitetsside
· Kva med matbutikkar? I nye sentrum like ved er det to større matbutikkar