Sognefjorden – tilgjengeleg for alle
Er Sognefjorden tilrettelagt for funksjonsnedsetjing?
Sognefjorden er Noregs lengste og djupaste fjord, og den er open for alle som vil oppleve den – uansett føresetnader. Tilrettelagt reiseliv kring fjorden handlar om å skape gode, trygge- og inkluderande opplevingar, slik at alle kan kjenne meistring og glede. Vi har laga denne sida slik at det skal vere lettare for deg å finne fram til tilrettelagde aktivitetar, opplevingar, overnatting og matopplevingar.

Anten du vil ta ein Ribtur og kjenne suget i maget i det du sveiper over fjorden i full fart, eller vil lene deg tilbake på eit roleg- og stille fjordcruise eller kome tett på naturen frå ein kajakk.
Vi har ulike overnattingsmoglegheiter, anten om du vil oppleve historiske hotell, eller er ute etter ein noko enklare standard, vi har tilbod som passar.
Sognefjorden er meir enn eit reisemål – han er ein stad der alle skal få oppleve fellesskap, naturglede og eventyr.
Transport
Du kan kome Sognefjorden med tog, båt, buss og fly. Bergensbanen har rullestolplassar og HC-toalett. Det er mogleg å bestille assistanse ved på- og avstiging. Overgangen mellom Bergensbanen og Flåmsbana på Myrdal fungerer godt med kort avstand mellom toga og trinnfri overgang mellom perrongane. Flåmsbana har rampe for ombordstiging og god plass om bord, noko som gir mange moglegheit til å oppleve ei av verdas mest spektakulære togreiser.
Sogndal flyplass er liten og oversiktleg, noko som gjer reisa enkel å orientere seg i. Det blir også tilbydd assistanse ved boarding og ankomst.
Ekspressbåten frå Flåm/ Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik er også tilrettelagd for rullestolbrukere.
Når du har kome til Sognefjorden har vi har fleire leigebilfirma som tilby utleie av eigna bilar, dersom ein sitter ei ein manuellrullestol, og vil komme seg til og frå dei ulike fjordbygdene. Mange av taxiselskapa har også store bilar som tek elektriske rullestolar.
Rundtur Oslo - Sognefjorden
Reiseruta Oslo – Flåm – Aurland – Lærdal – Sogndal – Balestrand – Bergen eller Sogndal – Oslo viser at det er mogleg å oppleve mykje av regionen med gode opplevingar undervegs, særleg når ein har tilgang på tydeleg informasjon og kan planleggje litt på førehand.
Overnatting
Langs Sognefjorden finner du ulike overnattingsmoglegheiter til ulikt budsjett, alt frå campingplassar til historiske hotell.
Tilrettelagte Hotell
Langs Sognefjorden finn du fleire historiske hotell og hotell med lange tradisjonar for vertskap. Fleire av desse hotella tilbyr i dag gode løysingar for gjester med behov for tilrettelegging, mellom anna trinnfri tilgang til sentrale område, heis og tilgjengelege rom og restaurantar. Samtidig arbeider fleire hotell aktivt med å vidareutvikle tilgjenge og universell utforming, slik at fleire kan oppleve den særprega historia, arkitekturen og utsikta langs fjorden.
Vi anbefalar å ta kontakt med overnattingsstaden direkte på førehand dersom ein har spesifikke behov knytt til bad, seng eller framkomst.
Fretheim Hotel
Historiske Fretheim Hotel inviterer til et minnerikt opphold i Flåm. Hotellet byr på 122 rom i ulike…
Kviknes Hotel
Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei mest…
Hofslund Fjordhotell
Hofslund Fjord Hotel ligg vakkert til nede ved fjorden og har den beste utsikta i Sogndal. Kva med…
Quality Hotel Sogndal
Quality Hotel Sogndal er nå det største hotellet mellom Bergen og Trondheim
Klingenberg Hotell
Klingenberg Hotel i Årdal tilbyr overnatting i sjarmerande omgjevnader ved Sognefjorden.
Gaupnetunet
Gaupnetunet - Lite og koseleg hotell midt i sentrum av Gaupne i Luster.
Hytter, leilegheiter, sjøbuer og campingplassar
Sognefjorden har fleire hytter, sjøbuer, campingplassar og leilegheiter som tilbyr løysingar for gjester med behov for tilrettelegging. Fleire aktørar arbeider aktivt med å vidareutvikle og utbetre tilbodet sitt for å kunne ta imot fleire gjester med ulike behov. Tilrettelegginga varierer frå stad til stad, men mange tilbyr mellom anna god parkering, trinnfri inngang, romslege opphaldsområde og enkel tilgang til uteområde og natur.
Vi anbefalar å ta kontakt med overnattingsstaden direkte på førehand dersom ein har spesifikke behov knytt til bad, seng eller framkomst.
Marifjøra Sjøbuer
På sørsida av Gaupnefjorden, ein sidearm av Lustrafjorden ligg bygda Marifjøra. Marifjøra Sjøbuer…
Luster Fjordhytter
Er du interessert i nasjonalparkar, eller likar du å besøka attraksjonar som står på UNESCO si…
Kjørnes Camping & Fjordhytter
Kjørnes Camping og Fjordhytter i Sogndal vart i 2014 kåra til Norges beste campingplass av Norsk…
Jostedal Camping
Jostedal Camping ligg solrikt, roleg og idyllisk til ved breelv i Jostedalen, berre 6 km frå…
Lyngmo Gjestehus & Camping
Lyngmo Gjestehus og Camping ligg nydeleg plassert ved Hafslovatnet, 15 km frå Sogndal.
Klingenberg Fjord Residence
Flotte leilegheiter på Årdalstangen ved fjorden
Aktivitetar og opplevingar
Sognefjorden tilbyr mange aktivitetar som kan opplevast med rullestol eller har behov for ekstra tilrettelegging. FjordSafari i Flåm har trinnfri tilgang til brygga, rampe ned til båten og personale som hjelper til ved behov. Fjordcruise på UNESCO Nærøyfjorden gir også gode moglegheiter til å oppleve fjordlandskapet frå tilgjengelege område om bord.
Stegastein Utsiktspunkt i Aurland har trinnfri tilgang heilt ut til utsikta og er lett tilgjengeleg med bil. ViteMeir på Kaupanger er eit moderne vitensenter med heis, god plass og fleire interaktive aktivitetar som er tilgjengelege for mange brukarar.

RIB med Vik Adventure er eit godt døme på korleis individuelle behov kan løysast gjennom god dialog og fleksibel tilrettelegging. Aktiviteten blir tilrettelagt individuelt. Det er god tilgang til HC-toalett.
Sjølv om ikkje alle opplevingar er fullt tilrettelagt, viser bedriftene stor vilje til å finne praktiske løysingar. Med litt planlegging ligg forholda godt til rette for å oppleve mykje av det beste Sognefjorden har å by på.
Opplev Sognefjorden
FjordSafari
Basic Fjordsafari - kom tett på naturen i Aurlandsfjorden og delar av UNESCO lista Nærøyfjorden med…
Fjord Cruise Nærøyfjord
Den smale og spektakulære Nærøyfjorden er omkranset av bratte fjellsider med snødekte topper som…
Stegastein Utsiktspunkt
Opplev den spektakulære utsiktsplattformen Stegastein, med panoramautsikt 650 meter over…
ViteMeir Kaupanger
Vitensenteret ViteMeir på Kaupanger der du skal Oppleve, Oppdage og Oppnå frå 1303 m.u.h til 2469…
Vik Adventure RIB
Vik Adventure tilbyr RIB turar frå Vik i Sogn til Arnafjorden og Finnabotnen kvar dag i Høgsesongen.
I nærkontakt med naturen
Bulder&Brak i Årdal tilbyr kajakkturar for rørslehemma frå fleire lokasjonar med terskelfri tilkomst til kajakkane. Gjesten må løftast ombord, og selskapet har tilsette med fysioterapikompetanse som hjelper til med gode sittestillingar og tilrettelegging.
IceTroll i Jostedalen tilbyr både rafting, kajakk og RIB-turar med moglegheit for tilpassing. Dei har støtteseter i raftingflåten, hjelpemiddel for padling og guidar som hjelper til ved behov. På RIB-turane kan rullestol takast med om bord, og gjestene får oppleve isbreane på nært hald.
Kultur og museum

De Heibergske Samlinger på Kaupanger har delvis tilrettelagde innandørs utstillingar og arbeider aktivt med å gjere uteområdet meir tilgjengeleg. Besøkssenter Villaks i Lærdal har flat tilkomst, HC-parkering, HC-toalett og heis, samt universelt utforma utstillingar tilpassa også for rullestolbrukarar. Høyanger Industristadmuseum gir innblikk i aluminiumsindustrien, medan Gunnar S. Galleriet i Høyanger har heis mellom etasjane. Sogn Kunstsenter i Lærdal ligg i same bygg som Villakssenteret og har enkel tilkomst.
Sjølv om ikkje alle opplevingar er fullt universelt utforma, viser mange aktørar stor vilje til å finne praktiske løysingar. Med litt planlegging ligg forholda godt til rette for å oppleve mykje av det beste Sognefjorden har å by på. Vi anbefalar å ta direkte kontakt med dei ulike bedriftene om eigne behov og ønskje for tilrettelegging.
I kontakt med naturen og kulturen
Heildagstur i kajakk Årdal - Bulder & Brak
Nyt dagen i ein kajakk. Me padlar gjennom eitt av dei vakraste landskapa i verda, tek oss god tid og…
Rafting i breelva Jostedøla
Elvepurka - Glacier Rafting tek deg med på rafting i breelva Jostedøla. Bli med på ein action fyllt…
Glacier Half Day, Austdalsbreen
ICETROLL tilbyr turar inkludert kryssing av brevatn med motorbåt og brevandring på same turen.
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygg frå…
Besøkssenter villaks Lærdal
Besøkssenter villaks Lærdal ligger innerst i Sognefjorden på bredden av Lærdalselva, ein av dei mest…
Høyanger Industristadsmuseet
Høyanger Industristadmuseum heldt til i Byporten midt i sentrum av Høyanger. Her finner du…
Sogn Kunstsenter, Lærdal
Sogn Kunstsenter finn du på Lærdalsøyri, i Lærdal Kulturhus saman med Norsk Villakssenter og Laksen…
Mat og servering
Fleire serveringsstader i regionen har god tilgjenge og fleksible løysingar for bordplassering. Mange verksemder viser stor vilje til å hjelpe og legg til rette for at alle gjester skal få ei god oppleving.
Flåm sentrum er kompakt og relativt flatt, med korte avstandar mellom restaurantar, butikkar og aktivitetar. Flåm Bakeri har trinnfri inngang, god plass fleire stader i lokalet og tilgang til HC-toalett i same bygg. På Fretheim Hotel er tilgjenge eit viktig fokus, og personalet gjer sitt beste for å møte gjestene sine behov. Hotellet har HC-toalett i første etasje og heis til dei øvrige etasjane.
Sognaporten i Aurland er godt tilrettelagt med HC-parkering, inkludert ladestasjon for HC-bilar. Kafeen har automatisk dør, god plass innandørs og tilgjengeleg toalett.
I Sogndal er Det Gule Huset tilgjengeleg via utvendig heis og har HC-toalett. SmakeMeir på Kaupanger ligg på bakkenivå med trinnfri tilkomst. Vågal Burger & Gin på Quality Hotel Sogndal har trinnfri inngang og parkering rett utanfor. Toaletta er tilgjengelege inne på hotellet.
Restaurant Arven - Fretheim Hotel
Fretheim Hotel har som mål å gi sine gjester en fantastisk gourmetopplevelse ved å tilby en…
Flåm Bakeri
Flåm Bakeri tilbyr tilreisende fra alle verdens hjørner og fastboende herlig nybakte bakverk hele…
Sognaporten
Velkomne til Sognaporten - lokalisert like ved verdas lengste biltunnel Lærdalstunnelen i Aurland
Det Gule Huset - Sogndal
Det Gule Huset – ein hyggeleg møteplass midt i Sogndal
SmakeMeir
Søtt og salt, varmt og kaldt. På serveringsstaden vår SmakeMeir har dei noko for ein kvar smak og…
Vågal Burger & Gin
Vågal Burger and Gin i Sogndal er spesialistar på gourmet hamburger av Angus storfe frå Vestlandet.
