Overnatting, mat & drikke i Solvorn
Tradisjon og luksus
Søker du eit snev av luksus, bør du absolutt unne deg eit opphold på ærverdige Walaker Hotel.
Norges eldste familiedrivne hotell, har ein særegen og unik atmosfære. Og i kombinasjon med sine kulinariske høgdepunkt og ein fantastisk vinkjeller er dette hotellet eit must for deg som vil oppleve noko nytt og særegent.
Eplet Bed and Apple er også eit glimrende alternativ for eit opphold i Solvorn. Tenk å våkne opp til ein fantastisk fjordutsikt og nyt ein heimelaga frukost ute i hagen.
Villa Solvorn er eit lite, familiedrive gjestehus. Alle romma er lyse og heimekoseleg. Nyt mat og drikke på terrassen eller ute i rosehagen.