Velkomne til Undredal
Undredal, Disney og der ingen skulle tru…
Nesten bortgøymd og djupt inne i Sognefjorden skjer Undredal seg inn blant massive fjell midt i verdsarvområdet.
Undredal er med sin unike plassering den verkelege definisjonen på ei ekte Norsk fjordbygd.
Den pittoreske samlinga med hus som utgjer sentrum er så spesielt at det har fanga Hollywood og Disney sine auger. Har du sett Frozen, har du sett Undredal.
Opplev Undredal
Overnatting, Mat & Drikke
Med overnatting på Hansagarden og smake på geitosten
Aktivitet & Attraksjonar
Opplev området rundt Undredal med kajakk
Fjelltur i Undredal
Kulturell vandring eller fjellturar med nydeleg utsikt
Til og frå Undredal
Viss du foretrekker fleksibilitet og moglegheita til å utforske det omkringliggjande området i ditt eget tempo, er reisa til Undredal med båt eit godt alternativ, aller helst til og frå. Norway's best sine båtar er innom Undredal kvar dag. Sjå rutetider her og bestill din billett.
Med bil til Undredal
Det er mogleg å komme med bil, men utfordringa er at det er ein smal veg ned til bygda, og vanskeleg å møte andre bilar og snu nede i sentrum. Derfor vert ikkje bubilar som ikkje skal på campingen råda til å køyra ned til Undredal. Undredal er tilgjengeleg med buss også. Du kan ta buss frå Flåm eller Aurland, og det er ein praktisk måte å nå bygda på.
Ekspressbåt til og frå Bergen
Norled køyrer ekspressbåt til og frå Sognefjorden - Bergen kvar dag, og frå april til oktober stopper den i Flåm. Sjå rutetider her.
Næraste flyplass
Flyplassen i regionen, Sogndal Lufthamn Haukåsen er lokalisert på Kaupanger med ca. 2 timar køyring frå Undredal. Sjekk flyavgangar her.
Bli inspirert i Undredal
Historier frå Undredal