Kajakk på Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden

 

Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden er to av dei vakraste fjordane i verda, og del av både UNESCO verdsarvområde og landskapsvernområde.

Mange ynskjer å oppleve fjordane frå kajakken, men fjordane smale, med mykje båttrafikk og sårbar natur. For å ta vare på din eigen tryggleik, dyrelivet og landskapet, er det viktig at alle som padlar her følgjer nokre enkle retningslinjer.

Tryggleik på fjorden
 

I Noreg er det vanleg praksis at du må ha «våtkort» for å leige kajakk. Flytevest er påbode.

Dersom du ikkje er ein svært erfaren kajakkpadlar, vert det anbefalt å nytte guide frå eit lokalt firma. Desse kjenner straumforhold, vind og lokale vêrskifte best. Lytt til kva lokale folk seier om forholda.

Nokre område langs fjorden er kjende for brå og uføreseielege fallvindar.

Njord Kayak Flåm

 

Hugs dette når du padlar:

•    Hald deg langs sida av fjorden. Rutegåande trafikk går som oftast midt i fjorden.
•    Kryss aldri framfor ein båt eller ferje.
•    Ver ekstra varsam ved kryssing kring sjømerket i Bakkasundet.
•    Sørg for at du alltid er godt synleg.
•    Sjekk rutetider for båttrafikk før du legg ut på tur.
•    Hald avstand til bratte fjellsider og fossefall – steinsprang kan forekomme.
•    Meld frå til nokon om kvar du skal, og når du planlegg å vere tilbake.
•    Ver merksam på at det ikkje er mobildekning overalt. Bør bytte til Telenor som operatør, då har du dekning i store delar av Nærøyfjorden.

Lurt å ha med:

•    Redningsvest (påbode)
•    Mobiltelefon i vasstett pose
•    Fløyte
•    Varme og vasstette klede
•    Kart eller GPS

Ferdsel på land 

Nesten alle fine plassar å gå i land langs Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er innmark som blir slått eller beita. Det betyr at allemannsretten ikkje gjeld her.  

Det finst nokre tilrettelagde område for camping og overnatting. Her ligg det føre avtale med grunneigar om bruk. Per i dag er det ikkje ledig kapasitet utaom desse områda.

About the Nærøyfjord area - Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden

Njord Kayak Flåm

Når du går i land:

•    Vis omsyn til naturen, dyrelivet og dei som bur langs fjorden
•    Hald avstand til geiter og sauer
•    Ta med alt avfall, inkludert toalettpapir og våtserviettar.
•    Bruk toalett der det finst.
•    Dersom det ikkje finst toalett, grav eit hol godt unna sti, bygg og vasskjelder.
•    Ikkje legg att stein eller spor etter teltplassen.
•    Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Ikkje oppsøk eller mat dei.
•    Respekter privat eigedom og hald grindene lukka.

Bålreglar:

•    Bruk berre tilrettelagde bålplassar.
•    Det er bålforbod i Noreg frå 15. april til 15. september.
•    Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.

Njord Kayak Aurland

Eit lite bidrag gjer ein stor forskjell

Det er mange krefter i sving for at du skal ha ei god oppleving langs fjorden. Toalett blir vaska, stier bli rydda og merka. Bak dette arbeidet står Nærøyfjorden Verdsarvpark sin miljøpatrulje. For meir informasjon sjå: Miljøpatruljen takkar for i år! — Nærøyfjorden Verdsarvpark 

Ønskjer du å bidra til dette arbeidet, kan du gje eit frivillig bidrag til miljøpatruljen.

Kven kontaktar du?
 

Ved naudssituasjon:

•    Ring 112 (politi)
•    Ring 113 (ambulanse)
•    Ring 110 ( brann) (Viktig at ein tek forhåndsreglar i forbindelse med bål, eingongsgrillar osv.

Ved andre hendingar eller spørsmål:
•    Kontakt Nærøyfjorden Verdsarvpark
•    eller ditt kajakkutleigefirma / guide

Njord Kayak Flåm
 

Føl oss på Instagram