Fjelltur i Vik

Ei lita bygd med nær tilkomst til Vikafjellet og Stølsheimen landskapsvernområde som byr på korte og lange vandreturar i vakker vestlandsnatur.

Stølsheimen

Gamle stølar og stølsvegar fortel om historisk bruk av området. Ein liten halvtimes køyretur frå Vik ligg Arnafjorden som er omkransa av ruvande fjell og dei mange fossane som kastar seg utover fjellsidene. I enden av fjorden ligg tre små grender: Nese, Indrefjorden og Framfjorden. Gamle buførevegar fører frå alle dei tre grendene og langt innover Stølsheimen. Her kan du gå alt frå relativt enkle dagsturar til krevjande turar over fleire dagar. 

Under er det lista opp turar frå Vik og inne på ut.no finn du fleire turar. 

God tur. 

Føl oss på Instagram