Lokale produkt langs Sognefjorden

Sognefjorden har eit rikt utval av lokalprodusert mat og drikke som er godt å smake på heile året. Også lokale spesialitetar i dei mange unike miljø er ei minnerik oppleving å ta med seg. 

Som turist kan du reise frå bygd til bygd, og du kan finne deg ei fjordperle der du kan smake på det lokalproduserte og ekte. 

Her er eit utval av dei lokale matskattane våre langs Sognefjorden;

Sogn Aqua, Kveite

Glitne Kveita - Sogn Aqua

Ytterst i Sognefjorden er eit stor basseng lyft på land. Det er i Ortnevika Sogn Aqua gir foring og omsorg til Glitne Kveita som lever i den kalde fjorden på land, heilt på naturens vilkår. Kvalitetskveita blir produsert med djupvatn frå Sognefjorden. 

Eventyret om kveita starta tidleg på 80 talet med forsøk på flatfisk ut frå lokalkunnskap om kveitefiske i Sognefjorden.

På Osland Brygge i Bjordal blir det produsert laks og aure ved oppdrett. Osland Havbruk etablerte seg i 1963 og er ei pionèrbedrift innan havbruk i ville, vakre Sognefjorden - skapt for produksjon av laks og aure. Den er det eldste havbruksanlegget i Noreg, og produserer laks og aure av høg kvalitet for den internasjonale marknaden.

Frå eigne bigardar på Kyrkjebø produserer Matsui – Li lynghonning. Bikubene blir sett på ulike stader langs Sognefjorden og smakfull honning blir levert på glas og selt på Bondens Marked.

Bringebærjuice frå Vik

Vik Falkeblikk AS

I Vik blomstrar kulturtradisjonane med gamalosten, og interessa for å dyrka i den grøderike jorda er stor.

Namnet gamalost har osten fått fordi den frå gamalt av vart lagra i lang tid på stølane. I dag blir den produsert av Tine Meierier som også har open ostebar i bygda, der kan du nyte gamalost, lokal produsert bringebærjuice, og andre lokale spesialitetar.

Norsk Gamalostfestival blir arrangert årleg første helga i juni.

På fjellet rundt fjordbygda Vik beiter dyra i vill natur under gode forhold. Her får dei i seg rike vekster, urter og fjellrike bergarter som er med på å gi den næringsrike og delikate smaken og kvaliteten på kjøttet. Dyra blir slakta rett frå fjellbeite-tida, og på Vikja er dei opptekne av at dyra skal få det beste livet. Denne slakteribedrifta har slått seg saman med bøndene, og slaktar og foredlar kjøt til ferdige produkt. Med respekt for dyra følger dei heile verdikjeda frå fôring til godt ferdig mørna økologisk kjøt til levering. Her blir det produsert håndverksprodukt fra lam, villsau og kje - som pinnekjøt og spekepølser. Også pastrami blir levert, og bedrifta står for leveransen til bedriftene sjølv, rundt om fleire plassar i landet.

Vik er den største bringebærkommunen i landet, og bringebær tradisjonane er lange og sterke med bærdyrking frå 1950 talet. Det blir ofte plukka over 500 tonn bringebær, avhengig av kor god sesongen er. Norsk Bringebærfestival blir arrangert årleg, og har fokus på kortreiste matvarer og aktivitetar for barn og unge. Sognabær er leverandørkjeda for jordbær, bringebær og andre bærsortar.

I Feios finn vi det økologiske småbruket Alm Gard som driv isproduksjon med kvalitet og har eit utval av spennande og gode smakar. Økologisk iskrem blir produsert av garden sine eigne bær, frukt og melk, og blir solgt til hotell og restaurantar i regionen. Her gror det enorme almetrær og garden som er døypt etter dette ligg i ein dal med praktfull utsikt over Sognefjorden. Overnattingstilbud med 3 hus, og rom og frokost.

Ciderhuset, Balestrand

 Ciderhuset Balestrand

Balestrand har lange tradisjonar som fruktbygd, allereie på 1800 talet vart dei første eplesortane dyrka. Og på grunn av reiselivstradisjonane er fokuset på bruken av lokalmat sett i høgsetet.

På Ciderhuset kan ein på gardsbutikken finne heile utvalet frå drikke produkta som blir produserte på Balholm. Her kan du delta på cidersmaking, og i det fine cidermiljøet finn du også ein restaurant med nydeleg utsikt over Sognefjorden. Restauranten byr på spennande rettar som er komponert med lokale råvarer og middelhavsfilosofi.

Menes Røykelaks er eit røykeri der laks og aure frå ytterste Sognefjorden blir røykt med framgangsmåtar bygd på tradisjonar og dei beste smakane blir skapt. Alt på ein skånsom måte og som passar fortreffeleg til anna lokalt tilbehøyr som ramsløk og heimelaga flatbrød. Røykeriet er blitt viden kjendt og laksen er å finna på mange restaurantbord langs Sognefjorden

Smakfullt kjøtt står også sterkt i Balestrand – Angus kjøtt frå Hanevik gard og sau og lam frå Rendedal gard

Mat & Drikke på Leikanger Fjordhotel

Leikanger Fjordhotell

Leikanger er ei av dei fremste fruktbygdene langs Sognefjorden med meir 80 000 frukttrær. Her vert det dyrka epler, pærer og plommer og bær,klimaet er godt og det er store frukthagar med mange nye frukttrær. Fleire gardar sel frukt frå garden sin.

Her finn me også Sognefrukt som pakkar eple, pærer, plommer og bær frå heile Sogneregionen.

Eggjagarden klyngetun driv Henjatunet - med fruktdyrking og saftproduksjon av eple. I den gamle sperrestova frå 1756 er det open gardsrestaurant med servering av heimelaga mat bygd på lokale råvarer frå eigen gard på bestilling.

Fruktbare Dagar er haustens årlege frukt arrrangement på Leikanger. Her er det kunst, kultur og ikkje minst matopplevingar med haustens avlingar. Det er og torgdag og ein møteplass for frukt og grønsaknæringa. Her byr dei på fruktbare opplevingar som fyller opp energilageret og som ein kan ta med seg inn i mørketida.

Sognefjord Kaffibrenneri

Sogndal

Sogndal har fleire utsal som sel lokalprodusert mat: Hjå Ellevilt i Fjørevegen får du kjøpt varer frå småskalaprodusentar lokalt frå andre regionar. Her er det utsal av varer, også utlevering av matrettar.

Sognefjord Kaffibrenneri legg si stoltheit å levere kvalitetskaffi, brent lokalt, og set sitt preg på smak av fjord og fjell. Hentar små parti av kaffi som er dyrka fram av bønder der ute som legg stoltheit i produktet, slik som kaffibrenneriet.

Lustrabui Bakeri, Luster

 Lustrabui

Inst i Sognefjorden ligg fjordriket Luster. Rundt den smargdgrøne fjorden har landskapet og klimaet dyrka fram ei mengd med matskattar i bygdeperlene langs heile fjorden.

Frukt og bær står høgt i fokus og på Urnes Gard blir det dyrka frukt og bær, produsert saft og syltetøy. Her er det også hjortegard og kafè. Her finn vi også mange bønder som dyrkar jordbær og bringebær av høg kvalitet.

I Solvorn lagar Eplet sin heilt spesiell eplejuice i kjellarfabrikken. Her kan du også overnatte og få servert frokost. Frukt og bær i hagen. Det er svært gode beiteforhold med tindrande grøne enger som framhevar smakfullt kjøt.

Mårås Hjort leverer hjort av høg kvalitet frå eigen hjortefarm til restaurantar i regionen som lagar dei beste lokale rettar. Også spekemat av hjort. Tett ved Jostedalsbreen blir det produsert lamme kjøt av høg kvalitet. Det står Brelam for. Bedrifta som produserer økologisk på naturens premissar leverer både pinnekjøt, fenalår og spekepølse.

Bakeriet Lustrabui er viden kjendt for sitt nydelege bakverk. Spesialitetar er kanelsnurrar og dei gode heimelaga brøda er å få kjøpt i det koselege bakeriet og utsalet i Luster.

BesteBakken har eigen hage med grønsaker og urter der dei hentar råvarer og serverer smakfulle rettar og måltider basert nært og lokalt. Her kan du også overnatte på sjarmerande rom i hus og i løe.

Gulrøtter i Lærdal

Lærdal 

Lærdal har mykje på når det gjeld lokalmat, både kortreist og økologisk.

Ei mengd gardbrukarar oppover dalen har gardsutsal med frukt, bær og grønsaker. Bøndene leverer elles dei flotte råvarene sine til Lærdal Grønt som distribuerer råvarer vidare til restaurantar og butikkar i regionen og elles i landet.

På gamle Lærdalsøyri i det gamle sjarmerande bygningsmiljøet finn me Landhandelen som er eit utsal med lokale kortreiste lokale produkt og matspesialitetar. Her finn du både naturlege økologiske varer og lekre spesialitetar. Bakverk, lokal drikke og ost, og kortreiste kjøtspesialitetar.

Sidan bringebær er ein av Lærdals spesialitetar er det ikkje unaturleg at produsenten Frigard har spesialisert seg på ein heilt lokal drikk, bringebærlimonade. Bringebæra er av beste kvalitet og her blir det levert bringebær heile året, nyplukka som frosne og like flotte.

Lærdalsmarknaden blir arrangert fleire gonger i året i sjarmerande gater på gamle Lærdalsøyri som ein friluftsmarknad og har røter i gamal tradisjon.
Alt på 1500 talet var det varebyte på denne marknadsplassen, og frå 1982 har det vore fast tradisjon med sommarmarknad i juni. Her er det boder med sal mykje flott handverk, lokalmat, utstillingar og underhaldning. Sommarmarknad i juni, haustmarknad i september og julemarknad i desember er Lærdalsmarkanden i dag.

Tya Bryggeri, Årdal

TYA Bryggeri, Årdal

Årdal har det friskaste og beste drikkevatnet frå dei mektige fjella, difor er det ikkje utan grunn at Tya-bryggeri er etablert og produserer godt lokalt øl. Det blir produsert over 25 ulike øl variantar, godt handverk øl med kvar sitt særpreg og si historie.

Også Tya-bakeri har eit godt utval av smakfull bakverk som blir selt på kafear og butikkar i Årdal, også leverer dei til andre fjordbygder.

Sognalam produserer lammekjøt av beste kvalitet. Lamma har beita i friskt sommargras frå fjellsidene og langs fjorden og er difor med å framkalle dei gode smakane. Dei leverer til heile reigionen og dei tre bygdene Årdal, Lærdal og Aurland er med i samarbeidet.

Amazing Fjords DMC

Aurland

Langs Aurlandsfjorden har fjordbygdene Undredal, Aurland, Flåm og Nærøyfjorden eit skattekammer av lokal mat og drikke, og med mange flotte matkultur opplevingar.

Sakte er eit alliansemerke som har godt rotfeste i verdsarven og tilbyr ei rekke mat og opplevingsprodukt bygd på tradisjon og berekraft. Seks lokalmat produsentar legg si sjel i produksjonen og leverer ekte opplevingar. For hjå enkelte kan du også få oppleve matkuturen på nært hald.

På Skjerdal stølsysteri får du oppleve ekte stølsliv. På denne nydelege staden har dei lange tradisjonar på ysting av både kvit og brun geitost. Her kan du få helse på geitene og andre dyr. Det er ein halvtimes vandretur frå bilvegen, og du får servert stølskost, overnatte og du kan nyte den herlegaste utsikta.

Like ved elva i bygda Aurland ligg Marianne bakeri og kafè. Det koselege bakeriet serverer ferske brødvarer, gode bollar og andre lokale delikatessar.

På Li gardstun kan du oppleve ekte kultur og få guida tur til stølen med innslag av lokalmat og nyte fantastisk utsikt. Produserer spekemat av eigne lam.
Lokalmat produsenten Haugen gardsmat leverer heimelaga kjøtvarer til reiselivsbransjen og butikkar i regionen. Kjøt produksjonen bygger på tradisjon og samspel, og her det både lam, vilt, gris, storfe, rein og kje.

På Sogn jord og - hagebruksskule tilbys det utdanning i økologisk landbruk berekraftig samfunnsutvikling. I den Debio – godkjende gardsbutikken kan ein få kjøpt eit rikt utval av grønsaker, kjøt og andre økoloiske daglegvarer. Samarbeider med andre lokale produsentar og sel varer frå dei i butikken.

Føl oss på Instagram