Fjelltur i Jostedalen

Nasjonal fjellet Vangsen

I Jostedalen er det 360 grader med tur moglegheita. Frå det lokale «nasjonalfjellet» Vangsen til bortgøymde sidedalar som Røykjedalen og Vetle Geisdalen, som byr på urørt natur eller kulturlandskap forma gjennom hundrevis av år. Ein kjem ikkje utanom alle breane og det faktum at når ein er i Jostedalen så er ein midt isbreen sitt eiget vetle kongerike. 

Myrhønna

Myrhønna er eit av Jostedalens mest særeige fjell. Ein seriøs fjelltur som ein på sommarstid kan jukse ved å køyre halve turen opp med bil. Viste du at fjellet er foreviga i eit av Johannes Flintoe sine mest kjente maleri og heng i dag på slottet til Norges konge? 

Ein kan gå på fjellturar over alt i Jostedalen og. Det er unike turar som ofte innbyr til ein utsikt du aldri har opplevd før, å sjå ned på dei massive isbreane er noko som ein finn veldig få andre stadar. 

Vinter i Jostedalen

Vinterstid er Jostedalen eit mekka for toppturar. Dalen er ein av dei mest snørike områda i Norge, og snøen ligg lenger her enn andre stadar. Er du på jakt etter høgdemeter og pudderparadis, er Jostedalen eit alternativ du bør sjekke ut først som sist. 

Det er vanskeleg å plukke ut eit fjell og berre ein tur i Jostedalen. Du kan velje frå øvste hylle utifrå vær føre og form. God tur.

I lista under er nokre av turane i Jostedalen, men gå inn på ut.no for fleire turar i området.

Føl oss på Instagram