Opplev lokalmaten ved Sognefjorden
Lokal mat og drikke med Sognefjord utsikt
I Ciderhuset kan du bli med på Cidersmaking der vertane formidlar om korleis dei dyrkar frukta i den økologiske hagen og korleis dei gjer frukt og bær om til jucie, cider, fruktvin og dram. Du kan og bli med på å lage mat med kjøkensjef Tuba som vil lære deg korleis du kan kombinere lokale produkt med middelhavsmat og kva for cider som passer til. Ein liten spasertur frå Kaien og Kviknes Hotel kjem du til Ciderhuset.
På Kviknes Hotel i Balestrand legg dei stor vekt på matopplevingar. Så langt det er mogleg brukar dei lokale råvarer - Sognefjorden er eit ypparleg matkammer! Hotelldirektør Sigurd Kvikne og hovmeisteren supplerer med vin frå den rikhaldige kjellaren.
I restauranten Jostefonn får du servert tradisjonelle rettar og husets spesialitetar basert på lokale råvarer som husets hjorteburger eller lam som har beita i Grøndalen nær Jostefonn. La auga dine falle på fjord og fjelltoppar med glimt av Jostefonn - ein liten bre ved sidan av den store Jostedalsbreen.

Tine Meierier og Ostebar er ein kafe i Vik sentrum som har utsal av ulike meierivarer frå Tine, og som sørger for at alle som kjem innom får smaka på Gamalost og får høyra om dei unike eigenskapane til Gamalosten.
På Leikanger Fjordhotel er kjøkenet inspirert av nærheiten til havet, og Sognefjordens matfat. På à la carte menyen og buffen finner du havets delikatesser med sesongens friske grønnsaker.
Få eit stemingsfullt måltid på SmakeMeir som er lokalisert i restaurantlokalet til ViteMeir på Kaupanger. SmakeMeir jobbar aktivt med berekraft og redusert matsvinn og dette får du oppleve gjennom varme og kalde rettar i restauranten.

Det Gule Huset er ein kafe og minibakeri som ligg midt i Sogndal sentrum og som servera god kaffi, heimalaga kaker, smørbrød og enkle lunsjrettar basert på lokale råvarer. Det Gule Huset servera nysteikte kanelboller og kardemommeboller med pistasjkrem kvar dag og har eit rikt utval av lokale drikkevarer som juice og nektar.

Kafè Heiberg som er ein del av De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupanger er Debio sertifisert og tilbyr eit utval økologiske forfriskningar, varm og kald drikke, samt noko å bita i.
Fjærland Fjordstove Hotell er eit vakkert kvitt trehotell som er lokalisert nede ved Fjærlandsfjorden. For hotellet er mat så mykje meir enn kun å eta. Det er heile prosessen - frå historien bak jorda, til bøndene, til korleis det har vokst, kvar det kjem frå, når det er tilgjengeleg, og kreativiteten som er involvert for å omgjere ein verdifull ingrediens til eit fullverdig måltid. Med lokal fisk, hjort, storfekjøtt, lam, honning, poteter, meieriprodukter og vår eigen urtehage, i godt samspell med sesongens råvarer med litt lenger reiseveg, sikter vi mot å lage delikat, simpel og sunn mat.

Skjolden Hotel er verdt ei reise der sesongen bestemmer menyen med råvarer frå lokale mat helter i Skjolden og Luster. Urter frå hotellets kjøkenhage, grønnsaker, frukt og bær frå bonden i bygda, sjøkreps frå Lusterfjorden er noko av det du får servert på hotellet.
Walaker Hotel ligg midt i det store matfatet som Indre sogn er! Her er det sjøkreps frå fjorden, hjort frå fjella, bærbusker så langt du ser, heimeysta ost, heimelaga eplejuice, bringebærnektar samt mykje anna i småskala produksjon. Lokalprodusert mat er viktig for oss på Walaker Hotell, og me tar i bruk råvarer ut i frå sesong.
Tørvis Hotell ligger vakkert plassert i Marifjøra og er opptatt av å bringe autentisk, lokalt inspirerte norske matrettar fram i lyset. Målet til Tørvis er i tilby gjestene ein ekte smak av Norges kulinariske historie, tilberedt med ferske lokale ingrediensar og tradiosjonelle metodar.

På Gamle Lærdalsøyri finn du Lindstrøm Hotel som er oppteken av å lage god, heimelaga mat og som har tilgang på lokale råvarer frå frukt- og grønbygda Lærdal. På Lindstrøm Hotel skal du få gode smaksopplevingar og bli god og mett.
Restauranten på Flåm Marina er overbygd i glas og ligg rett ved Aurlandsfjorden. Nyt den rolege atmosfæren og den beste utsikta i Flåm. Verdas beste milkshake? Ja, eller kva tykkjer du? Prøv ein milkshake og sei di meinig til personalet.

Like ved UNESCO Nærøyfjorden ligger Gudvangen Fjordtell Sjømat restaurant og À La Carte restaurant der du får oppleve ein ekstraordinær matoppleving som går hånd i hånd med den spektakulære beliggenheiten. Gudvangen Fjordtel er stolt av å samarbeide med lokale kjøttleverandørane og tilbyr norsk, økologisk sesongbasert mat.

På Ægir Bryggeripub får du presentasjon og smaking av Ægir sine ulike ølsorter og akevitt. Perfekt for par og større grupper. Oppdag ei ny verd av lukt og smak, og lær historia om ølet og ulike tekninkkar for å få dei beste smaksopplevingane.

Fretheim Hotel med Restaurant Arven der matkonseptet er basert på Norske og lokalproduserte råvarer som er i sesong, med ein drikkemeny som komplementerar måltidet. I høgsesongen, frå mai til september, tilbyr Restauranten i tillegg ein rikholdig buffet som inneheld kjøt, fisk, skalldyr, frukt, salater, desserter og bakverk.
Restauranten Vangsgaarden Gastropub i Aurland byr på gode matopplevingar. Kjøkkenteamet samarbeider nært med lokale bønder, fjellfolk, ølbryggjarar og fiskarar. Dette gjer at vi har gode mogelegheiter for å presentere ein del av tradisjonane til Vangsgaarden og Aurland også på matfatet.