Aktivitetar i Balestrand
Ting å gjere i Balestrand
Balestrand, ei vakker kunstnarisk bygd ved Sognefjorden. Her kan du bli med på guida fjellturar til ikoniske Keipen, guida kajakkturar, RIB båt turar eller sykle langs fjorden. Ein kort spasertur frå Balestrand sentrum kjem du til Ciderhuset der dei tilbyr cidersmaking.
Fjordcruise til Fjærland
Du kan også ta båten frå Balestrand til Fjærland der du kan besøke Norsk Bremuseum og oppleve Bøyabreen, ein arm av Jostedalsbreen. I Balestrand kan du og bli med på Trugetur på vinteren, fisketur med Balestrand Fjord Angling eller DripFiske,
Guida kulturvandring
Norsk Reiselivsmuseum tilbyr guida kulturvandring der ein kan kombinera museumsbesøket med vandring gjennom den maleriske bygda Balestrand og lære korleis Balestrand si kulturhistorie har danna grunnlag for den populære turiststaden.