People of the North - Velkomne til Vik

 

Opplev fjordbygda Vik med Gamalost, Hopperstad Stavkyrkje og Vik Adventure

Gå i fotspora til People of the North og besøk Tine Ostebar midt i Vik Sentrum der Gamalost står på menyen. Gamalosten har røtter heilt tilbake til Vikingtida og har ein fyldig og skarp smak. 

Etter ein smaksprøve av Gamalosten går du vidare til Hopperstad Stavkyrkje som ligger vakkert plassert omtrent 15 minutt gåavstand frå Vik sentrum. Hopperstad Stavkyrkje er truleg ein av dei eldste stavkyrkjene i Noreg datert rundt 1130. Sylvringen tilbyr guida turar innom kyrkja samt Hove Steinkyrkje og Tine Ostebar. 

RIB tur på fjorden

Arne og Stig vart med Vik Adventure på guida RIB tur frå Vik til Finnafjorden og Finnabotnen. Finnafjorden er den minste av fjordarmane til Sognefjorden, men kanskje den mest spesielle og der ligg gardane Finden, der osteprodusent Synnøve Finden vart født og nabogarden Finnabotn. 

Opplev Vik

Overnatting i Vik

Føl oss på Instagram