Fjelltur i Høyanger
Kvar kan eg gå på fjelltur i Høyanger?
Høyanger er ein spennande destinasjon for fjellturar i Sognefjorden. Dei bratte fjella rundt bygda har ikkje berre forma landskapet, men har også vore grunnlaget for utviklinga av vasskraft og industrien i Høyanger. I dag gir fjella gode moglegheiter for flotte fotturar og naturopplevingar – ofte i rolege omgjevnader.
Kva er Høyanger kjent for?
Høyanger er kjend som ein av dei første industristadene i Norge som utnytta dei store høgdeskilnadene og rike vassressursane til å produsere vasskraft. Den same naturen som la grunnlaget for industrien, gir i dag flotte moglegheiter for friluftsliv og fjellturar.
Kvar finn eg dei beste fjellturane i Høyanger?
Det finst fleire flotte fjellturar i og rundt Høyanger, med ulike lengder og vanskegrader. For å finne den rette turen kan du spørje lokalkjende om råd og få tips om forhold, utsikt og turar som passar for deg.
Kven kan anbefale fjellturar i Høyanger?
Eides Hotel, Larsgarden Tunhotell, Høyanger Industristadmuseum og biblioteket i Høyanger kan vere gode stader å starte dersom du ønskjer lokale turtips. Her kan du få informasjon om turar i området og råd om kva som passar ut frå tid, erfaring og vêrforhold.
Kvar finn eg fleire turforslag i Høyanger?
Du finn fleire turforslag på UT.no, med informasjon om turar i Høyanger-området. Her kan du utforske ulike ruter og planleggje fjellturen ut frå lengd, høgdemeter og vanskegrad.
Høyanger er ei skjult perle for deg som ønskjer fjord- og fjellopplevingar, vakker natur og mindre trengsel enn på mange av dei mest kjende turmåla i Sognefjorden.
Under er det ei liste over nokre av fjellturane i Høyanger, men klikk inn på ut.no for å finne fleire av dei flotte fjellturane i Høyanger-området.