Noregs beste sider frå Sogn?

 

Frå frukt til sider i Sogn

Kva er det som gjer sider frå Sogn så spesiell?

Sider frå Sogn er kjend for høg kvalitet, stort mangfald og ein sterk tradisjon for frukt- og siderproduksjon. Langs Sognefjorden ligg frukthagane i eit smalt belte nær fjorden, der klimaet er spesielt godt eigna for dyrking av frukt. Her møter du både tradisjonelle og moderne siderar, frå tørre og friske variantar til perlende most og sider med smak av til dømes hylleblomst, rabarbra og humle.

Sogn er eit av Noregs eldste fruktdistrikt. Frukt har vore dyrka langs Sognefjorden sidan 1100-talet, og tradisjonen med å presse frukt og lage sider og fruktvin har lange røter.

Korleis blir sider laga i Sogn?

Siderproduksjonen startar i frukthagen. Epla blir hausta, pressa til most og deretter gjæra til sider. Kvar produsent har sine eigne metodar, eplesortar og oppskrifter, noko som gir stor variasjon i smak og stil.

Det lune klimaet langs Sognefjorden gir gode forhold for fruktdyrking, sjølv om fjell, brear og fjord ligg tett på. Resultatet er eple med ulike eigenskapar som kan brukast til å lage sider med eit tydeleg lokalt særpreg.

Er sider frå Sogn prisvinnande?

Ja. Fleire siderprodusentar frå Sognefjorden har fått medaljar og utmerkingar i nasjonale og internasjonale konkurransar, mellom anna i sider-VM. Sider frå Sogn har dermed fått merksemd langt utanfor Noreg.

Samtidig kjem det stadig nye siderprodusentar, siderar og mostar til. Det gjer Sogn til ein spennande region for deg som vil oppdage norsk sider.

Kvar kan eg smake sider frå Sogn?

Mange siderprodusentar langs Sognefjorden inviterer gjester inn på gardane for omvising, smaking og eit innblikk i historia bak siderproduksjonen. Hos fleire produsentar kan du også kjøpe sider og most med deg vidare på reisa.

Ein sideroppleving i Sogn handlar ikkje berre om smaken i glaset. Du får møte produsentane, sjå frukthagane og oppleve landskapet der epla blir dyrka.

Kva kan eg oppleve på ei siderreise i Sognefjorden?

Langs Sognefjorden kan du kombinere sideropplevingar med fjordlandskap, frukthagar, gardar og lokal mat. Du kan besøke siderprodusentar, delta på sider-smaking eller bli med på eit Cider Cruise og oppleve sidertradisjonane frå fjorden.

Sogn er ein destinasjon for deg som vil smake norsk sider der han blir produsert – frå frukt til ferdig sider.

Kven er cider produsentane?

Kart over Cider produsentar langs Sognefjorden

Cider kart

Geografisk Beskytta Nemning

Eit kvalitetsstempel for heile regionen. Kva betyr det? Dette inneber at all sider som blir seld under namnet Sider frå Sogn må vera produsert i Sogn, basert på lokal epler og lokale foredling. Tildelinga gir sideren eit offisielt vern og ei tydeleg stadfesting av opphav, kvalitet og særpreg.

Stiftinga Norsk Mat forvaltar merkeordninga Beskytta nemningar og arbeider for tydeleg og truverdig merking av norsk mat- og drikkeprodukt med dokumentert opphav og kvalitet. 

Beskytta Geografisk Nemning

 

Kva med eit eige sider-cruise på fjorden?

FjordX Cider Cruise frå Sogndal til Fimreite er eit eige eventyr om sommaren. Smak på sider i frå Haug Gard - Odelsgut.

Besøk Ølmheim Siderhage, Ciderhuset i Balestrand eller Amble Gård på Kaupanger sin siderproduksjon  

Føl oss på Instagram