Besøk Hafslo
Kva bør ein oppleve på Hafslo?
Klikk og utforsk
Kvam Guiding & Service - RIB
Med RIB båt i Hafslo på irrgrønt brevatn tett under steile og bratte fjellsider får du ein tur med…
Kvam Guiding & Service - Guida fjelltur
Ynskjer du guida fjelltur i området Hafslo eller Veitastrond? Kva med ein tur til Austerdalsbreen på…
Tungestølen Turisthytte, Veitastrond
Tungestølen Turisthytte ligger på en solvendt kolle ved foten av Skyttarpiggen, fjellet som deler…
Kvam Guiding & Service - Fiske
Guida fisketur? Utleige av fiskeutstyr? Fluefiskekurs? Kvam Guiding & Service tilbyr nettopp dette i…
Sogn Skisenter - Heggmyrane
"If you don’t do it this year, you will be one year older when you do» Sogn Skisenter har muligens…
Eikum Hotell Bar & Restaurant
Besøk Eikum Hotell og få servert god heimalaga mat
Utforsk Hafslo
Gøymd i den pittoreske Sognefjordregionen, finn du Hafslo ei skjult perle som ventar på å bli oppdaga. Frå Hafslo er det kort veg til det meste i indre deler av Sogn. Ofte er det sagt at Hafslo er ei innlandsbygd på Vestlandet.
Hafslovatnet: Der auren ventar
Ein av Hafslos edleste skattar er det praktfulle Hafslovatnet. Det er ikkje berre naturen som tiltrekker besøkande, men også dei utmerka fiskemoglegheitene for aure.
Sportsfiskarar frå heile Norge kjem til Hafslovatnet for å teste fiskelykken. «Hafslobesten» er det ingen som har fått enda, det går mange sagn om denne giganten som lurer i djupet, blir det du som trekkjer den?
Veitastrond med Tungestølen og Austerdalsbreen
Med ein biltur på 40 minuttar frå Hafslo kjem ein til den vetle bygda Veitastrond som er omkransa av høge fjell og brear. Frå Tungestølen Turisthytte innerst på Veitastrond får du utsikta til brefalla Loke, Tor og Odin. Desse brefalla kalte den britiske fjellpioneren William Cecil Slingsby "The finest ice scenery in Europe".
Opplev Hafslo
Overnatting, Mat & Drikke
Familieeigd hotell, Boutique Hotel, Hytter & Camping
Aktivitet & Attraksjonar
Kva med RIB tur på Veitastrond vatnet?
Fjelltur kring Hafslo
Fjelltur med fjordutsikt
Til og frå Hafslo
Hafslo ligg i Luster kommune ved Hafslovatnet midt mellom Sogndal og Gaupne. Frå Sogndal tek det 15 minutt med bil til Hafslo, der du følgjer FV55 mot Luster. Frå Hafslo tek det 5 minutt med bil til Sogn Skisenter og vidare til Gaupne.
Dagleg går det rutebuss til og frå Hafslo – sjekk rutetider her.
Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn, Haukåsen. Sjekk flytider her.
Bli inspirert kring Hafslo
Historier frå Hafslo