Team Norway
David Yarrow/NFF
Your browser is not supported for this experience.
We recommend using Chrome, Firefox, Edge, or Safari.
David Yarrow/NFF
Det verdskjente biletet av det norske landslaget i fotball, kledd i vikingskrud, har bakgrunn frå Gudvangen. Det dramatiske landskapet ved Nærøyfjorden, omgjeve av bratte fjell og levande vikinghistorie, danna den spektakulære kulissen som har fått stor internasjonal merksemd.
I Njardarheimr Viking Valley kan du møte vikingar, oppleve tradisjonelt handverk, høyre forteljingar frå vikingtida og prøve aktivitetar som tek deg meir enn tusen år tilbake i tid. Her blir historia levande – midt i eit landskap som ser ut som det kunne vore henta rett frå vikingtida.
Kombiner besøket med eit fjordcruise på den UNESCO-lista Nærøyfjorden med Norway's best eller Lustrabaatane, naturopplevingar og lokal mat, og oppdag kvifor Gudvangen er ei av dei mest særmerkte fjordbygdene i Sognefjorden.
Når du står her, er det lett å forstå kvifor nettopp dette landskapet vart valt som bakgrunn for eit av dei mest delte bileta av det norske landslaget.

Gudvangen, er der den verdskjente Nærøyfjorden går på land og møter Nærøydalen.
Med dei høge stupbratte og majestetiske fjella som kneiser rundt den trange dalen er det ikkje rart Vikingane blei gudfryktige når dei kom inn fjorden. Der av navnet Gud og vangen (slette)
Gudvangen har vore ein handelsstad sidan lenge før vikingtida, det var her folket innlandet møtte fjordfolket. Og vikingene, ja dei finn du der den dag i dag.
Med eit besøk i Gudvangen så anbefalast ein tur på fjorden med kajakk der du er omkransa av høge fjell og mektige fossefall. Eller ein guida RIB tur med FjordSafari eller fjordcruise til Flåm eller Kaupanger. Planlegger du ein bilfri ferie kan du enkelt bestille deg ein tur med Norway in a Nutshell eller Sognefjord in a Nutshell der du kan legge til aktivitetar og eller overnatting.
Når du er i Gudvangen må du innom Vikinglandsbyen Njardarheimr der ekte vikingar tek deg med tilbake i tid med historier og forskjellige aktivitetar som øksekasting og bogeskyting.
Overnatting med utsikt over UNESCO Nærøyfjorden
Vil du vera viking for ein dag?
Med utsikt over UNESCO Nærøyfjorden
Gudvangen er lett tilgjengeleg med båt, buss eller bil. Enten du reiser frå Bergen eller Oslo, ligg bygda beleilig plassert langs vegen mellom disse to byene, noko som gjer det til eit ideelt stopp på din reise.
Gudvangen - Flåm
Fjordcruise frå Gudvangen til Kaupanger
Norled køyrer ekspressbåt til og frå Bergen kvar dag, og frå april til oktober køyrer den til Flåm. Sjå rutetider her.
Flyplassen i regionen, Sogndal Lufthamn Haukåsen er lokalisert på Kaupanger med ca. 2 timar køyring frå Gudvangen. Sjekk flyavgangar her.
Historier frå Gudvangen