Overnatting, Mat & Drikke i Årdal

 

Kvar kan eg bu og ete i Årdal?

 

Ein perfekt base for å oppleva omkringliggande Utladalen og Hurrungan

Årdal ligg vakkert til inst i Sognefjorden og er kjend som porten til Jotunheimen nasjonalpark. Her ventar nokre av dei høgste fjelltoppane i Noreg, bortgøymde brear og eit mangfald av turstiar gjennom skog, fjell og frodige dalføre. Enten du er erfaren tindebestigar eller ynskjer rolege naturopplevingar, finn du eit godt utgangspunkt i Årdal.

Velkomen til Tyin Filefjell – ei perle i fjellheimen der komfort møter vill og vakker natur. Overnatting på hotell, hytter eller leilegheiter. 

Vel du å overnatta på Vetti Gard, bur du midt i den mektige Utladalen, omgitt av dramatisk natur og historie. Garden ligg idyllisk til og gjev ei ekte og roleg fjelloppleving. Her vaknar du til lyden av elva og utsikt mot bratte fjellsider, med kort veg til ikoniske turmål som Vettisfossen og stiar vidare innover dalen og opp mot Hurrungane. Med Vettisfossen utsiktspunkt kan du oppleve krafta frå det høgste verna fossefallet i Norge. Vetti Gard er den perfekte basen for deg som vil kombinera komfort med nærleik til naturen.

DNT Hytta Avdalen Gard er ein sjarmerande fjellgard som er betjent i sommarsesongen frå slutten av juni til byrjinga av september. Dette er ein nydeleg stad du seint vil gløyma. Med si lune atmosfære og spektakulære omgjevnader får du ei oppleving tett på både natur og kulturhistorie. Perfekt for dei som vil oppleva det enkle og ekte fjellivet. Ingenting er betre enn å få servert nysteikte vafler etter ein nydeleg dag i fjellet. 

Ynskjer du å bu nær Sognefjorden, kan du sjekka inn på Klingenberg Hotel, Sitla Hotel eller Indre Offerdal Bed & Breakfast. Her har du kort veg til både fjord og fjell, samt butikkar og serveringsstader.

Klingenberg Hotel har både hotellrestaurant og kafé. Her får du enkle lunsjrettar og smårettar på føremiddagen, medan det frå kl. 15.00 kvar dag vert servert à la carte-meny og pizza. Servering fram til kl. 21.00 gjer det enkelt å samla krefter etter ein aktiv dag i fjellet.

Føl oss på Instagram