Fridtjof the Bold, the mighty statue at Vangsnes

Kunst & Kultur i Sogn

 

Opplev kunst i Sogn og kring Sognefjorden

 

I Sogn finn du ulike kunst tilbod. Mellom anna; Sogn Kunstsenter i Lærdal, Kunstbygda Balestrand, Høyviksalen i Balestrand, Heradshuset og Galleri Vinjum i Aurland, og Galleri Walaker.

I tillegg finn du utandørs innstalasjonar og historiske skulpturar som til dømes Fridtjov den Frøkne, Kong Bele, Baldersteinen, Rallaren og Gjest Baardsen (Firkantfar).

 

Sogn Kunstsenter i Lærdal

Sogn Kunstsenter held til på eksotiske Lærdalsøyri, saman med Nasjonalt Villakssenter og Laksen bakeri & kafé. Du kan oppdage kunsten til Hans Gjesme og andre uventa utstillingar – med alt frå samtidskunst til eldre kunst. Lærdal sin eigen kunstnar, Hans Gjesme (1904-1994), donerte i 1994 ei omfangsrik samling kunstverk til kommunen. Kunsten trengte husly, og bygda reiste eit kunstsenter. Her kan du oppleve utstillingar med Gjesme og andre.

 

Kunstbygda Balestrand og Høyviksalen

Kunstbygda Balestrand der hovudmålet er å sikre at kunst og andre kulturuttrykk vert sentrale faktorar for utviklinga av heile kommunen og Sogn som region.

Kviknes Hotel må du ein tur innom Høyviksalen der alle stolar, bord, portalar og speilrammer er utskjert i drakestil av kunstnaren Ivar Høyvik.

Den unike samlinga av originalkunst som fyller veggane på Kviknes Hotel har vore samla gjennom fire generasjonar. Sentralt i den store samlinga står kunstnarar som hadde eit forhold til Balestrand som motivkjelde. Kunstnarar som Hans F. Gude, Johannes Flintoe og Hans Dahl var faste gjester ved hotellet eller bygde seg hus i bygda. Ein eigen kunstkatalog med informasjon om kunstnarane er laga for gjester av hotellet.

 

Heradshuset og Galleri Vinjum i Aurland 

Galleriet stiller ut den store testamentariske gåva etter Aurlandskunstnaren Johannes Vinjum.

Vinjum debuterte som 24-åring på haustutstillinga i Oslo i 1954 og fekk lovande omtale. I tillegg selde han eit av verka sine. Men først over 20 år seinare viste Johannes Vinjum ein større presentasjon av arbeida sine offentleg, og då på 2 seperat- utstillingar samtidig.  Motiv han holdt fast på heile livet var barndomsfjorden og fjelllandskap, person- og barneansikt og framfor alt born i fødselsdagselskap. Galleriet finn du i Heradshuset - Om sommaren utvida opningstid.

 

Galleri Walaker

Galleri Walaker 300 er Walaker hotel sitt eige kunstgalleri i den gamle fjøsbygningen frå 1883. Her kjem det kunstnarar frå fjern og nær for å stilla ut sine verk. Kvart år kjem det ny kunst i form av bilete og skulpturar. Det er ein til to utstillingar i året, og kunsten er til sals.

Kvar kveld, etter middag, er det ei vandring i galleriet med 9.generasjon, Ole Henrik Nitter Walaker. Her kan den som vil bli med for å læra meir om hotellet og Solvorn. Dette tilbodet er inkludert i “Opplev Walaker” pakken.

 

Utendørs monument

Monumentale statuar og meisterverk som Fridtjov den Frøkne, Kong Bele, Baldersteinen, Rallaren og Gjest Baardsen. Er alle monument med si unike historie og kulturelle betydning.

 

Sognefjordens kunstneriske landskap syner litt av landsdelens kulturarv. 

Føl oss på Instagram