Mat og drikke i Balestrand

Kvar kan eg ete og drikke i Balestrand?

I Balestrand gjennom sommarsesongen kan du nyte ei rekkje lokale smaksopplevingar i unike omgjevnader. På det historiske Kviknes Hotel kan du smake på lokale rettar og drikke medan du nyt utsikta over den vakre Sognefjorden. Eit steinkast unna ligg Ciderhuset, der du kan vere med på guida cidersmaking og lære om den lokale frukttradisjonen. Når kvelden kjem, kan du bestille den eksklusive Cider Makers Dinner – ei smakfull oppleving med lokale råvarer og cider i perfekt harmoni. På Kafe Vindreken ved Norsk Reiselivsmuseum ventar ein god lunsj i trivelege omgjevnader, midt i sentrum av Balestrand. Vil du nyte mat med panoramautsikt, bør du ta turen til Dragsvik Fjordhotel. Her kan du velje mellom kokkens tre-rettars meny eller spennande à la carte-rettar, alt servert med nydeleg fjordutsikt. Balestrand byr på ekte, lokale smakar i verdsklasse.

Lokale tradisjonar

Balestrands mattradisjoner er basert på det som er typisk for fjord- og vestlandsbygder. Husdyrhold, jakt og fiske samt generelt landbruk. Men spesielt fruktdyrking og hagebruksnæringen er viktig. Balestrand har i likheit med fleire andre fjordbygder rundt Sognefjorden svært gode vekstforhold for frukt.

På grunn av klimaet og god drenering i frodig morenejord som er til overs frå dei store isbreane og istidene. Som følge av god frukt og at Balestrand frå omkring 1850 var ein av dei viktigste turist stadane på Vestlandet, var Balestrand dermed ein av dei første kommunane i landet med kommersiell bærdyrking.

Visste du at den lokale sorten Portereple stammar frå Balestrand?

Føl oss på Instagram