Camping ved Sognefjorden
Finn den beste plassen å campe ved Sognefjorden og friheita til å reise kvar som helst, eller berre bli verande på ein plass. Latter, smil og gode stundar og mange moglegheiter til å møte kule, nye venner.
Det er mange campingplassar i Sognefjordområdet som kan tilby plass til telt, campingvogn eller bubil, samt campinghytter av ulik standard og pris. Campingplassane ligg i idylliske strøk, nær fjell og fjord.
Les meir om Campingvettreglar her
Kvar er det tømmestasjoner for bubilar rundt Sognefjorden?
Når du besøker Sognefjorden med bubil eller campingvogn, oppmodar vi deg til å sjekke inn på ein av dei mange vakre campingplassane i regionen. Då får du ikkje berre ein flott plass å overnatte – du får òg tilgang til gode fasilitetar som gjer reisa både enklare, meir komfortabel og meir berekraftig.
Campingplassane tilbyr mellom anna moderne servicebygg med toalett og dusj, straum, vaskemaskin, tømmestasjon for bubil og trygg parkering. Mange campingplassar har i tillegg aktivitetar og tenester som gjer opphaldet endå rikare. Du kan leige båt, kajakk eller sykkel, få gode lokale tips og informasjon om attraksjonar, turar og opplevingar i nærområdet.
Prisane for ein bubilplass startar frå om lag 350 kroner per natt, avhengig av sesong og campingplass. For ein rimeleg pris får du både komfort, sikkerheit og ei betre totaloppleving av Sognefjorden.
Vel campingplassen – få ei betre oppleving ved Sognefjorden
Aurland kommune
Kommunal tømmestasjon: Joker Gudvangen (open for alle)
Gudvangen Camping – Bestill her (tømming for eigne gjester)
Vang Camping – Bestill her (tømming for eigne gjester)
Høyanger kommune
Kommunal tømmestasjon: Lavik (ved Statoil/Circle K)
Nesheim Camping – Bestill her (tømming for eigne gjester og andre mot betaling)
Luster kommune
Jostedal Camping – Bestill her (tømming kun for eigne gjester)
Viki Fjordcamping – Bestill her (gratis for eigne gjester, andre mot betaling)
Lærdal kommune
Kommunal tømmestasjon på Håbakken
Sogndal kommune
Amlasanden Fjordcamping – Bestill her (tømming kun for eigne gjester)
Kjørnes Camping – Bestill her (tømming kun for eigne gjester)
Systrond Camping – Bestill her (tømming kun for eigne gjester)
Uteplassen Sogndal – Bestill her (tømming kun for eigne gjester)
Veganeset Camping – Bestill her (tømming kun for eigne gjester)
Stedje Camping – Bestill her (tømming kun for eigne gjester)
Bøyum Camping (Fjærland) – Bestill her (tømming gratis for eigne gjester, andre mot betaling)
Vik kommune
Djuvik Camping – Bestill her (tømming primært for eigne gjester, tek òg imot andre ved kapasitet)
Vik Camping – Bestill her (tømming for eigne gjester)
Årdal kommune
Utladalen Camping – Bestill her (tømming kun for eigne gjester)
Ved å nytte campingplassane er du med på å ta vare på naturen, bidra til lokale arbeidsplassar og sikre at Sognefjorden held fram med å vere eit reint og attraktivt reisemål for alle.
Gode råd om overnatting
Vi ynskjer deg velkomen til campingferie kring Sognefjorden. Langstrakte fjordar, fjell, daler og vidder venter på deg som gjest. Tilgangen til den uberørte naturen er sjølve nerva til ferieoppleving ved Sognefjorden.
Allemannsretten i Norge gir alle lov til å ferdes, oppleve og bruke naturen i utmarka, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr.
Til deg som campar ynskjer vi å gi nokre råd på reisa. Dette for at du skal få mest mogleg glede av ditt opphald i Norge både i dag og for framtida. Saman kan vi ta vare på den unike naturen for våre framtidige generasjonar.
Campingvettreglar
1. Bruk campingplassar og tilrettelagte bubilplassar der du kan. Det er trygt. Å bruke campingplassar og å handle hjå lokale aktørar bidreg til ein meir berekraftig reising og til vidareføring av lokalsamfunn.
2. Ta omsyn ved fricamping. Langtidsopphold på rasteplassar er ikkje ynskjeleg, men det kan vera behov for å stoppe og sove ei enkelt natt. Hugs på at det må være minst 150 meter frå busetnad. Unngå privat eigendom og dyrka mark, og ikkje køyr i terreng. På grunn av trafikksikkerheita skal det ikkje parkerast på møteplassar langs smale vegar. Vis omsyn til omgivnadene. Plikten til å ferdes sporlaust og ikkje gjere skade på terrenget eller forstyrre dyrelivet gjelder alltid.
3. Unngå forsøpling. Ikkje legg igjen noko avfall i naturen eller på bakken. Kast avfall i søppelkasser. Bruk tømmestasjonar for tømming av toalett og spillvatn.
4. Respekter skilting. Dersom det er satt opp skilt med parkering eller overnatting forbod for camping, bubil eller campingvogn, så må dette respekterast.
5. Hold 4 meter avstand mellom einingar ved overnatting. Parker med 4 meter avstand til neste køyretøy eller eining når du overnattar pga. brannsikkerheit.
Dersom alle viser ein omsynsfull åtferd, kan vi alle nyte, oppleve og bruke naturen i Norge også i framtida.
For meir informasjon, sjå www.camping.no
Nyt naturen på ein omsynsfull måte og god ferie
Kjelde: camping.no