Velkommen til Leikanger
Leikanger er den 4. støste fruktkommunen i landet. Om lag 80.000 tre med eple, pærer og plommer er i produksjon og blomstrar kvar vår. Biene i Leikanger produserer fantastisk honning og på den lokale butikken kan du få kjøpt lokalprodusert honning.
Dei seinare åra har det vore ei auka satsing på dyrking av bringebær og langs med vegen kan du, om du er riktig heldig, kjøpe flotte bringebær om hausten.
Utforsk Leikanger
Overnatting, mat & drikke Leikanger
Med fjordutsikt
Aktivitet & Attraksjon Leikanger
Opplev Leikanger på ski, på fjelltur eller sykkeltur
Fjelltur på Leikanger
På fjelltur med fjordutsikt
Bli inspirert i Leikanger
Historier frå Leikanger
Korleis koma seg til & frå Leikanger
Leikanger ligger midt i Sognefjorden med ca. 25 minutt med bil til Sogndal innover fjorden og 25 minutt med bil til Balestrand utover fjorden.
Frå Leikanger og ut til næraste ferjekai som er Hella tek det ca. 12 minuttar med bil. Frå Hella går ferja til Dragsvik og vidare mot Balestrand og Høyanger eller frå Hella til Vangsnes og vidare til Feios/Fresvik eller til Vik over Vikafjellet og vidare til Voss og Bergen. Sjekk ferjeruter her
Til og frå Bergen
Ekspressbåten til og frå Bergen stoppar ved Leikanger Fjordhotel. Sjekk rutetider her
Det går daglege bussar til og frå Leikanger – sjekk bussruter her.
Til Oslo
Frå Leikanger og innover til Sogndal og vidare til Lærdal køyrer du fjellovergangane Hemsedal og Filefjell. Sjekk ut google maps for nøyaktig distanse med bil. Været snur fort på fjellovergangane så det er viktig at du sjekkar vegvesen.no for siste nytt.
Flyplass
Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen som ligger på Kaupanger med ca. 45 minuttar med bil. For flytider sjekk widerøe.no