Workation i Sognefjorden
Treng du å komma deg vekk litt frå heimakontor? Ta med deg PC, skiutstyr og koffert med klede til Sognefjorden. "Ute til lunsj" får ei heilt ny betyding.
Ifølge ei undersøking oppgir dei fleste arbeidstakarane som jobba heimanfrå i ein periode at dei er meir effektive og jobbar meir konsentrert. Dei fann og ein god balanse mellom fritid og jobb, dei er mindre sjuke og stressa, og arbeidsgivaren sparer ein god del på kontorfasilitetar. Kjelde: Visit Norway
I Sognefjorden har vi alt du treng: leige av kontor eller møterom til deg eller prosjektgruppa di, overnatting, mat & drikke og aktivitetar som passar alle. Ta gjerne med deg familien din på tur, dei fleste likar å utforska nye plassar.
.jpg)