Eit SUP-padle paradis - Sognefjord

Opplev ukjende perler frå brettet i Sognefjorden

Stand-up paddle boarding (SUP) i Sognefjordregionen ei reise du seint gløymer.

Gli over ei spegelblank vassflate med ein unik nærkontakt til naturen. Fleire av fjordarmane rundt Sognefjorden er særs gode til å teste ut SUP, for nybyrjarar. Eller for røynde padlarar, perfekt som ein ekspedisjon.

Ferskvatn og fjellvatn er det óg mykje av i Sogn. Padle på brevatn, eller blanke vatn ein varm sommarsdag. Eller  ta for deg fjordarmane ein for ein.

Enten du er ein erfaren SUP-veteran eller ein førstegongs padlar, Sognefjordregionen har noko for alle ferdigheitsnivå.

Det er også muleg å leiga SUP brett mange stader.

Men å bli med på guida turar gjev ein unik oppleving og innføring til ei heilt ny verd. I Nærøyfjorden kan ein til dømes være med på ekspedisjonar frå SUP brettet med SUP Norway, over fleire dagar! 

Fjordsel og majestetiske ørner eller kanskje ei nyskjerrig nise. Dyrelivet kjem nært på. 

Legg ut på ei reise inn i hjartet av naturen, der møtet mellom vatn og fjell blir ein dans i elementa. Sognefjorden lokkar, og inviterer deg til å padla, utforska og skapa minne for livet.

Føl oss på Instagram