Reise til Sognefjorden

Sognefjorden - midt mellom Oslo og Bergen

Sognefjorden er den lengste fjorden i Norge der fjordbygdene Skjolden, Luster, Jostedal ligg nordvest, Årdal og Lærdal ligg nordaust, Aurland, Flåm og Vik ligg sør, Sogndal, Kaupanger og Fjærland midt i Sognefjorden, og i vest kan du besøkje Balestrand og Høyanger. 

Reis frå Oslo

Når du reiser frå Oslo kan du komma til Sognefjorden frå fleire fjellovergangar som via Hemsedal og Filefjell, frå Hol – Aurland og om sommaren kan du køyre vakre Sognefjellet via Otta.

Distanse med bil

Rv 52 – Gol over Hemsedalsfjellet til Lærdal: 115 km – ca. 1 time 50 minutt

E16 – Fagernes over Filefjell til Lærdal – 137 km – ca. 2 timar

Rv 53 Via Tyin til Årdal – 36,4 km – ca. 37 minutt

Rv 15 frå Otta over Sognefjellet til Skjolden: 150 km – 2 timar 36 minutt

Fv 50 frå Hol til Aurland – 92 km – 1 time 37 minutt

 

Reis frå Bergen

Frå Bergen kjem du til Sognefjorden via ferja frå Oppdal til Lavik, over Vikafjellet eller via Voss til Gudvangen og Flåm. Du kan også ta ekspressbåten til Norled, buss, tog eller fly.

Vikafjellet

Vikafjellet

Distanse med bil

Bergen E39 med ferje frå Oppedal - Lavik til Høyanger: 165 km – 3 timar

Bergen E16 og deretter Rv13 over Vikafjellet og ned til Vik: 170 km – 2 timar 40 minutt

Bergen E16 via Voss, Gudvangen og Flåm: 167 km – 2 timar – 39 minutt


Med offentleg transport

Det går dagleg bussar frå både Oslo og Bergen til fjordbygdene ved Sognefjorden, over vakre fjellovergangar eller nede ved idylliske små perler ved fjorden. Ynskjer du å ta bussen kan du finne bussruter på Vy eller Skyss

Den einaste, men verdskjente togstrekninga ved Sognefjorden er Flåmsbana. Ta toget frå Oslo eller Bergen til Myrdal på Bergensbanen og vidare med Flåmsbana til Flåm.

Buss frå Bergen og Lillehammer til Sognefjord (Flåm, Årdal) For rutetider sjekk her

Buss frå Oslo (bussterminal eller Oslo Gardermoen) til Indre Sogn (Årdal) For rutetider sjekk her

 

Med ekspressbåt

Frå april til september går det dagleg ekspressbåt med Norled frå Bergen til Flåm, og resten av året går den frå Bergen til Sogndal. 

Norled Fjord Cruise

Med fly

Flyplassen ved Sognefjorden, Sogndal Lufthamn Haukåsen ligg om lag 20 min frå Sogndal sentrum. Ta flyet med Widerøe frå Bergen Lufthamn Flesland eller Oslo Gardermoen til Sogndal flyplass Haukåsen. Sjekk flytider her

 

Praktisk informasjon

Ladestasjonar kring Sognefjorden - sjekk her

Når du kjem til Sognefjorden må du krysse fjorden med ferje sjekk rutetider her

Sjekk Statens Vegvesen sine nettsider om informasjon om fjellovergangar.

Her kan du lese meir om vandrebussane og fjordcruise ved Sognefjorden.

Føl oss på Instagram