Visit Sognefjord AS, som selskap vart sertifisert som Miljøfyrtårn september 2018, og vart resertifisert september 2021. Visit Sognefjord jobba kontinuerleg med å forbetre sin påverknad på miljø, klima og arbeidsmiljø i eiga drift og verdikjede.
Les Visit Sognefjord sin Årleg klima- og miljørapport for 2022 her
Masterplan
Masterplan for reisemålet Sognefjord er utarbeidd av Visit Sognefjord på oppdrag av Sogn regionråd frå 2017 -2021 med finansiering frå Innovasjon Norge, Sogn Regionråd og Visit Sognefjord. Masterplan for reisemålet Sognefjord er det overordna styringsdokumentet for arbeidet med å utvikle reisemålet.
Intensjonen med planen er å forvalte og styrke reisemålet Sognefjord til det beste for lokalsamfunnet, miljøet og dei besøkande ved å utvikle eit berekraftig reisemål som skapar livsgrunnlag for framtidige generasjonar.
Planen legg FN sine berekraftsmål til grunn, og byggjer på Innovasjon Norge og NHO reiseliv sin tilpassing av UNWTO sine prinsipp for berekraftig reiseliv:
«Berekraftig reiseliv tek vare på natur- og kulturverdiane våre, styrkar dei sosiale verdiane og får fram stoltheita i lokalsamfunna våre, utviklar nye arbeidsplassar og sikrar ei verdiskaping som gjer reiselivsnæringa økonomisk levedyktig.»
Les heile masterplan her.