Medlemskap i Visit Sognefjord
Bli medlem i Visit Sognefjord - Eg er Sognefjord
Visit Sognefjord skal marknadsføre regionen som reisemål for ferie-, fritids- og konferansemarknaden, samt bidra til heilskapeleg marknadsføring av Sogneregionen som bu, arbeids- og opplevelsesstad.
Som medlem i Visit Sognefjord AS får bedrifter følgjande tenester:
- Gratis linjeoppføring i Visit Sognefjord guide (namn, postadresse, telefon, web, m.m)
- Gratis produktpresentasjon på sognefjord.no med inntil 5 bilete, namn, adresse, telefon, bedriftsomtale og link til eiga bedrift.
- Synlegheit på visitnorway.com og fjordnorway.com
- Produktark i Visit Sognefjord sin salsmanual som vert nytta på workshops-/salsreiser og bransjekontakt
- Innmelding av saker til Visit Sognefjord sine nyheitsbrev mot FIT og bransjemarknaden
- Innmelding av saker til Visit Sognefjord sin Facebook og Instagram
- Hyppige nyheitsbrev
- Felles representasjon på messer og workshops under Visit Sognefjord
- Tilbod på annonsering, messer og workshop deltaking, samt andre marknadstiltak
- Tilbod på spisskompetanse, kurs og rådgjeving
- Tilgang på salsrapportar frå ulike salsevent/workshopar. Desse rapportane skal handsamast konfidensielt og er kun til intern bruk. Salsrapportane kan ikkje distribuerast vidare.
- Materiell/presentasjon i- og anbefaling frå turistkontora i dei 7 kommunane
- Anbefaling frå Visit Sognefjord AS til Turoperatør, presse og andre
- Prioritet ved presseturar og studieturar frå turoperatørar, presse og andre
Innmelding via skjema:
Ynskjer du å melde deg inn som medlem, så fyll ut skjema med informasjon om di bedrift i vårt innmeldingsskjema så tek me kontakt med deg. Har du spørsmål så kontakt med renate@sognefjord.no
Klikk her for å fylle ut skjema.
Utmelding
Medlemsavtalen er 3-årig, og må seiast opp skriftleg seinast 1.mars år x ned verknad 1.1 neste år. Utan skriftleg oppseiing vert avtalen vidareført for 3 nye år.