Sognefjord er spesielt kjent for dei mange arrangementa som er knytt til den vakre naturen i området.
Registrer ditt arrangement her
I Sogndal arrangerast det kvart år i februar månad Fjellsportfestivalen! På Fjellsportfestivalen arrangerast det barneaktivitetar, hopp konkurransar, ski konkurransar, guida turar med meir. Du finn definitivt noko som passar for deg.
Første helga i mai invitera Kviknes Hotel i Balestrand til Balejazz der kjente og ukjente musikarar kjem for å laga god stemning i Balestrand. Sett av datoen og book din billett.
I juni kvart år arrangerast det Gamalostfestival i Vik som er ei oppleving for både store og små. Der får du sjølvsagt smaka på Gamalosten, men du kan og bli med på fiskekonkurranse, kassabilløp, konsertar og dansetilstelningar.
I Lærdal arrangerast det kvart år haustmarknad og julemarknad der torget bugnar av lokal mat, drikke og heimalaga produkt.
Har du lyst å prøve deg på nokon av motbakkeløpa ved Sognefjorden? Bli med da vel! Du finn motbakkeløp i nesten kvar fjordbygd. Sjekk ut kvar og når motbakkeløpa er her