Haustferie i Årdal & Tyin?

 

Gjer haustferien til eit fjelleventyr - Årdal & Tyin

La skuldrene senke seg og ta turen til fjells i haust. I Årdal og på Tyin Filefjell ventar eit fargerikt fjellandskap, frisk fjelluft og opplevingar som gir rom for å nyte naturen i eit rolegare tempo. Her kan du kombinere gode matopplevingar, aktive dagar og komfortable overnattingar – frå høgfjellet og heilt ned til fjorden.

Korleis reise til Tyin?

Gjer reisa til ein del av opplevinga. Ta Vy Express frå Oslo til Tyin, len deg tilbake i dei behagelege stolane og nyt utsikta på vegen gjennom det vakre fjellandskapet. Du slepp å tenkje på køyring og kan starte haustferien i det du set deg på bussen. Klikk her for rutetider. 

Ta bussen til Tyin

Start haustferien på Tyin Filefjell

Start haustferien på Tyin Filefjell, omgitt av eit storslått fjellandskap i vakre haustfargar. Her kan du nyte utsøkt mat laga av lokale råvarer og velje mellom fleire pakkar tilpassa ulike typar fjellferie. Med Høst på Filefjell, Fjellweekend eller Fjellferie i leilegheit får du ein god start på ferien, enten du ønskjer ei avslappande helg eller fleire dagar med fjellopplevingar.

Opplev Tyin

Hausteventyret fortset i Årdal

Når det er tid for å utforske meir, kan du leige sykkel på Tyin Filefjell og setje kursen mot Sletterust og 1000-meteren. Her får du oppleve fjellheimen frå sykkelsetet, med høge fjell, opne landskap og den klare haustlufta som følgjer deg på vegen.

Frå fjellet går ferden vidare ned mot Årdalstangen og fjorden. Her sjekkar du inn på Klingenberg Fjord Residence, ein komfortabel base for vidare opplevingar i Årdal.

I Årdal ventar nye eventyr. Guideselskapet Bulder & Brak tek deg med på guida kajakktur på fjorden, eller du kan bli med på tur innover den spektakulære Utladalen. Her møtest høge fjell, fossar og frodig natur i eit landskap som verkeleg viser fram mangfaldet i Sogn.

Frå høgfjell til fjord, frå aktive dagar til gode måltid – Årdal og Tyin gir deg ein haustferie med plass til både opplevingar og avkopling.

Haust i Årdal

Utladalen, Årdal

Det er ikkje berre toppane som byr på flotte naturopplevingar. Nokre gangar kan dalane og vera vel…

Føl oss på Instagram