Velkomne til Vikøyri i Sogn, eller berre Vik om du vil

- Ein kort guide til denne sjarmerande fjordbygda om lag midtveges inn Sognefjorden. Med sitt naturlege lynne, rikt på kulturarv og rolege atmosfære, gjev Vik ein uforgløymeleg oppleving for alle reisande som ynskjer å oppleve autentisk norsk bygdeliv og sjarme.  

Naturen er tett på om ein ynskjer opplevingar høgt til fjells, ut på fjorden, eller berre oppleva eit aktivt og autentisk kulturlandskap. 

Lat oss syna deg nokre attraksjonar, aktivitetar og med det gje deg litt nyttig informasjon om Vik  

Utforsk Vik

Kvar ligg, og korleis koma seg til Vik.

Vik og Vikøyri ligg på sørsida av Sognefjorden, er relativt lett tilgjengeleg frå store norske byer som Oslo og Bergen.

Næraste internasjonale flyplassar er Bergen lufthavn Flesland og Oslo Gardermoen lufthavn. Haukåsen flyplass ved Sogndal er næraste lokale flyplass, om kring 90 minutt med bil frå Vik. 

Ekspressbåten til og fra Bergen går dagleg heile året. Ekspressbåtruta knyt også Vik til fleire av dei andre fjordbygdene langs med Sognefjorden saman sjøvegen. 

Ein kan også ta Bergensbanen og toget til Voss, for so å køyre Vikafjellet til Vik. Vegen over Vikafjellet knyt også Vik saman med Oslo, Bergen Hardanger og indre Sogn på sørsida av Sognefjorden. 

Ein kan også gjera rundreiser med Vik som utgangspunkt til  tilnærma heile Sognefjorden. 

Bli inspirert i Vik

Føl oss på Instagram