Vakre stavkirker i Sogn

 

Stavkyrkjene i Sogn

Kring Sognefjorden finn du heile fem av Noregs stavkyrkjer. 

Desse verdskjende arkitektoniske trebygningane er Noregs viktigaste bidrag til den europeiske byggjekunsten. 

Eit besøk til stavkyrkjene er som ei reise i tid. Dei står der som synlege fundament på historia til Noreg og byrjinga av kristendomen sitt inntog i landet etter vikingtida.

 

Borgund Stavkyrkje: Reist kring  1180

Undredal Stavkyrkje: Den minste. Reist i det 12. århundre

Hopperstad Stavkyrkje i Vik: Opprinneleg bygd  i det 12. århundre

Kaupanger Stavkyrkje: Datert tilbake til det 12. århundre

Urnes Stavkyrkje UNESCO-lista kyrkje med røter tilbake 12. århundre

 

Stavkyrkjer vart bygd i tre og hadde si utbreiing over dei nordlege delane av det europeiske kontinent, inkludert Skandinavia.

Men det er altso nesten berre i karrige Noreg at desse særmerkte bygningane har overlevd heilt frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Stavkyrkjene er dermed ein særskilt verdfull del av bygningsarven vår, og er dermed vorte vårt viktigaste bidrag til verdsarkitekturen. Alt i 1979 vart Urnes stavkyrkje skrive inn på UNESCO si verdsarvliste, som den einaste stavkyrkja. Den får dermed representere både seg sjølv, men òg alle dei andre attverande mellomalderstavkyrkjene. Dei er eksempel på det fremste handverket vi har i landet når det gjeld konstruksjon, materialvalg, dekor og inventar.

Men til og med i dette landet har reduksjonen i talet på stavkyrkjer vore dramatisk. Totalt sto det omlag 1.000 stavkyrkjer i Noreg før Svartedauden råka landet i år 1350. Det kan ha vore reist over 2.000 — om ikke fleire — før reformasjonen i 1537.

Føl oss på Instagram