Om
Skei - Vassenden - Skei.
Skei, eller Skei i Jølster, er ein vakker liten tettstad ved den nordaustlege delen av Jølstravatnet, like vest for Jostedalsbreen nasjonalpark. Her er startpunktet for ruta ved Cirkle K i sentrum.
Dette området har i tusener av år blitt forma av det skiftande vatnet frå is og breen. Heimen til den kjende målaren Nikolai Astrup (1880 - 1928), Astruptunet, ligg på sørsida av Jølstravatnet. Nikolai Astrup fann inspirasjon og motiv til sine fantastiske verk i den omkringliggjande naturen. Det livgjevende vatnet som skjerer seg gjennom landskapet, dei skiftande årstidene og det skiftande lyset var ei konstant inspirasjonskilde for Astrup. Naturen i området har også ofte same effekt på besøkande.
Populære attraksjonar og aktivitetar er brevandring, aurefiske, kajakk og besøk til Astruptunet – heimen til Nikolai Astrup på sørsida av Jølstravatnet.
Å køyra langs Jølstravatnet med buss er ei fantastisk oppleving. Då ser ein verkeleg kor fargane speglar seg i vatnet, og ein får god forståing for kor Astrup henta inspirasjon ifrå. 30 minuttar med buss frå Skei, og så er ein framme på Vassenden, der ein kan leiga kajakk, båt og fiskeutstyr ved Jølvassbu Camping. Gangavstand frå busstopp forbi COOP, over brua og til høgre langs elva.
www.jolvassbu.no
Ein kan også ta turen innom Jølstramuseet, eit privat museum med fleire hus som er over 400 år gamle. Jølstramuseet er plassert rett ved der bussen stoppar i sentrum på Vassenden. Her serverer vertskapet Heidi og Frode sin spesialrett: Sjølvfiska, pannesteikt Jølstraaure i nydelege omgjevnader.
Returen frå Vassenden til Skei går føre seg I rolege omgjevnader, ofte med eit blikkstilt Jølstravatnet som kulisse, i Astrup sitt rike.
Avgang frå: Skei terminal
Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)
Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.
Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.
Følg oss...
Facebook