Om
Skei - Movika- Førde - Skei.
Skei, eller Skei i Jølster, er ein vakker liten tettstad ved den nordaustlege delen av Jølstravatnet, like vest for Jostedalsbreen nasjonalpark. Her er startpunktet for ruta ved Cirkle K i sentrum.
Dette området har i tusener av år blitt forma av det skiftande vatnet frå is og breen. Heimen til den kjende målaren Nikolai Astrup (1880 - 1928), Astruptunet, ligg på sørsida av Jølstravatnet. Nikolai Astrup fann inspirasjon og motiv til sine fantastiske verk i den omkringliggjande naturen.
Det livgjevende vatnet som skjerer seg gjennom landskapet, dei skiftande årstidene og det skiftande lyset var ei konstant inspirasjonskilde for Astrup.
Naturen i området har også ofte same effekt på besøkande.
Populære attraksjonar og aktivitetar er brevandring, aurefiske, kajakk og besøk til Astruptunet – heimen til Nikolai Astrup på sørsida av Jølstravatnet.
Å køyra langs Jølstravatnet med buss er ei fantastisk oppleving. Då ser ein verkeleg kor fargane speglar seg i vatnet, og ein får god forståing for kor Astrup henta inspirasjon ifrå.
50 minuttar med buss frå Skei, og så er ein framme i Movika, denne rolege staden langs rett ved E39. Her finn ein Sunnfjord Museum.
Sunnfjord Museum tilbyr guiding og formidling, skiftande utstillingar og arrangement, urtehage og museumsbutikk, og leiger ut hus og lokale til møteverksemd og fest. Museet ligg ved Movatnet like aust for Førde sentrum og er ope heile året, med størst aktivitet i friluftsmuseet i sommarsesongen.
10 minuttar i buss frå Movika, og ein er framme i Førde, som er ein liten småby med mulegheiter for kafe, restaurant, hotell og shopping. Ein kan også vitja Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som har ansvar for regional kunsthistorie frå om lag år 1900 og fram til i dag. Museet tilbyr også formidling av samtidskunst og informasjon om kunstnarar. Dei produserer basisutstillingar med kunst frå eigne samlingar, på totalt om lag 4500 kunstverk, skiftande utstillingar med samtidskunst og pedagogiske tilbod til skulane. I tillegg har museet kunst- og bokbutikk og kafé.
På heimturen frå Førde til Skei, kan ein setja seg godt tilbake i buss-setet, og fordøya alle inntrykk. Den flotte naturen langs Jølstravatnet, den spennande kulturen i Førde og den inspirerande staden Movika, med Sunnfjord Museum.
Avgang frå: Skei rutebilstasjon
Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)
Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.
Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.
Følg oss...
Facebook