Sunnfjord er eit vegkryss, heldigvis. Det betyr at det er kort avstand til kysten, til Nordfjord, til Sogn og det som finst av kvalitetar og aktivitetar i vår del av Vestland fylke. Sunnfjord har tilgjengeleg natur og kultur, og er ein perfekt base for utflukter til heile regionen.
Sjekk ut lokal mat, og meng deg med «the locals», anten det er ein patriotisk jølstring, ein skrytete førdianar, ein smålåten naustedøl eller ein engasjert gaularvering.
God, lokal mat finn du over alt i Sunnfjord. Har du vore på Jølstramuseet, der vertskapet Heidi og Frode Årdal alltid tek imot deg på ein hjarteleg måte, og viser deg rundt i den imponerande klynga si av 400 år gamle hus? Du må ikkje køyra vidare på din veg før du har smakt på signaturretten deira, nemleg pannesteikt sjølvfiska Jølstraaure, med nydeleg tilbehøyr. Det er garantert at du ALDRI har smakt ein betre fiskerett!
Fjordamattunet, Håjen Kafe og Erketunet Gardsbakeri er også eksempel på koselege stader som serverer god, norsk tradisjonsrik kost. Førstnemnde arrangerer også kurs i matlaging året rundt, med stor suksess ved læremeister Kari Støfringsdal. Håjen Kafe er plassert på Slettehaug i Naustdal, der også Luftkampmuseet held hus. Else Slettehaug fører vidare stolte familietradisjonar, og produserer heimelaga bakst og tradisjonsrike middagsrettar.. Erketunet Gardsbakeri på Vassenden er eit lite bakeri, som tilbyr dei mest fantastiske bakevarer du aldri har smakt før. Du kjenner lukta av nysteikte brød og bollar lenge før du køyrer inn på tunet til Jenny Marie.
Du kan feriere deg i knallform ved å gå turar i fjellet, padle i Kjøsnesfjorden, sykle på dei mange avsides vegane våre i alle avkrokar, eller få ein lokalkjend guide til å ta deg med på brevandring på Jostedalsbreen. Den flott tilrettelagde Fossestien i Viksdalen er også verdt eit besøk. Stien er 21 kilometer lang, og på strekninga passerer du 14 fossar og 7 vatn.
Jølstravatnet er eit av Europa sine beste fiskevatn, og er eit eldorado for sportsfiskarar! På Vassenden MÅ du ta turen innom Jølvassbu Camping, der camping-eigar og fiske-ekspert Egil Tefre alltid har gode råd om fiskeplassar, fiskeutstyr og fiskeskrøner. Han lovar også fangstgaranti.
Visste du at Astruptunet, heimen til kunstnaren Nikolai Astrup, ligg i Jølster, innfallsporten til Sunnfjord? Denne idylliske staden med dei gamle husa like intakt som då kunstnaren sjølv budde der, er ope og tilgjengeleg for publikum heile sommaren. Her kan du gå inn i husa og sjå korleis Nikolai Astrup hadde det i heimen sin. Du får også faste omvisingar av kunnskapsrike og engasjerte guidar. Ein skikkeleg fin sommardag kan du også sitje ute i den frodige naturen og ete heimelaga hellekaker og drikka kaffi i hagen til Nikolai Astrup. Ei magisk oppleving. Når du deretter køyrer på E39 langs Jølstravatnet vidare innover i Sunnfjord, skjønar du godt kor Nikolai Astrup henta inspirasjonen sin ifrå, for det er fantastiske fargar i eit spektakulært landskap kor du enn snur deg.
Sunnfjord er kjent for sine mange kunstnarar. Tidlegare nemnde Nikolai Astrup er vel kanskje den mest kjende, med Ludvig Eikaas som ein god nr. 2. Men Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim følgjer «hakk i hel». Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum og Eikaasgalleriet er, i tillegg til Astruptunet, spennande stader å besøke i Sunnfjord, der kunsten og kulturen står i fokus.
Og sist, men ikkje minst, så anbefalar vi nok ein spennande attraksjon, nemleg Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, som er ei oppleving i seg sjølv! Gaularfjellet går mellom Balestrand – Moskog og mellom Sande – Eldalsosen, og er 114 km lang. Og i tillegg er utsiktspunktet «Utsikten» verdt turen aleine. Dette er eit av dei flotte utsiktspunkta på strekninga. Rasteplassen ligg på toppen av stigninga opp frå Vetlefjorden og har eit storslått utsyn over eit frodig og vakkert landskap, der riksveg 13 slynger seg oppover lia. Med fritt utsyn mot fjell på 1500 meter og djupe dalføre ligg utsiktsplattforma og balanserer på kanten av fjellet, 700 meter over havet. EIT FANTASTISK SKUE!
Kos deg i Sunnfjord i Sommar og treng du fleire tips eller ein guide på vegen kan du sjå nærare på reiseguiden vår som du også finn i papriformat rundt om i Sunnfjord.
Sunnfjord Utvikling as
Peak Sunnfjord
Hafstadvegen 25
6800 Førde
Copyright © 2021
Følg oss...
Facebook