Jostedalsbreen er som eit magisk landskap, stille og fryktinngydande på same tid. Breen fascinerer, skremmer og tiltrekker, der han stuper frå fjellet og strekkjer sine isblå armar frå urtida ned mot dalen.
Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet. I Jølster kan du sjå Jostedalsbreen både frå E39 i Kjøsnesfjorden, og i Stardalen. I 1890 vedtok Den Norske Turistforening å tilsetje førarar med patent på visse ruter over Jostedalsbreen. Etter dette har det vore fleire patentførarar i Jølster for rutene Lunde til Fjærland, og frå Fonn i Stardalen til Veitastrond. Frå gamalt av gjekk folk nødig på breen. Framover på 1800 talet voks trafikken både i form av drifting av kveg, menn på friarferd, eller om ein skulle besøkje nabogrender i bryllaup eller barnedåp. Turistane tok til å vandre på breen på slutten av same hundreår. Berre i Jølster vert desse patentførartradisjonane vidareført i form av dagsturar med erfarne breførarar på Haugabreen.
Breturar
Å gå i taulag på isbreen er ei unik og spennande oppleving for store og små. Ønskjer du deg ein tur på breen, bruk lokalkjend guide. Bre og Fjell tilbyr guida breturar frå midten av juni og ut august. Ein guida tur på Haugabreen tek totalt seks timar og har 10 års aldersgrense.
Etter kvart som du nærmer deg breen, vert det kaldare. Sjølv om ein startar med sol og varme ved fjorden, kan det sludde på breen, der skyane gjerne legg seg ned. Men det kan og vere motsatt. Du kan sitja i solveggen med bar overkropp oppe på breen, og under deg kan du sjå dalen og fjorden liggje skjult i regn og tåke.
Ønskjer du å oppleve meir av Jostedalsbreen tilrår vi deg å ta turen til Norsk Bremuseum i Fjærland som syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is.
Følg oss...
Facebook