Inst i Førdefjorden finn du byen Førde. Byen er omkransa av fjell, og ulike fjellturar er lett tilgjengelig direkte frå bykjerna. I enden av Movatnet ligg Sunnfjord Museum, eit levande museum med geiter og urtehage og ein natursti som tek oss med til Huldefossen. Førdefestivalen er ein årleg folkefest med spelande og dansande gjestar frå heile verda. I Førde sentrum kan du besøke Sogn og Fjordane kunstmuseum. Førde er det store handelssenteret mellom Ålesund og Bergen, i bykjernen ligg det fleire handelshus. Førde er den ideelle basen med kort avstand til opplevingar i nærkommunane, Naustdal – Florø – Gaular – Jølster – og Fjærland ligg alle med kort reiseavstand frå bykjerna.
Høgdepunkt:
-
Handel i Sunnfjord
-
Førdefestivalen – blir arrangert i veke 27 kvart år, og er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge.
-
Hafstadkleiva – sti direkte frå sentrum som tek deg opp til toppen av Hafstadfjellet, 706 moh.
Følg oss...
Facebook