Sunnfjord har mange kulturtilbod. Årlege arrangement som Førdefestivalen og aurefiskefesten trekker kvart år mange tilreisande til regionen. Den spennande historia til Sunnfjord går langt tilbake i tid, med spor heilt frå vikingtida.
Førdefestivalen
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, kjent som Førdefestivalen, er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge. Festivalen vert arrangert kvart år i første halvdel av juli. Festivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar, og presenterer etnisk musikk frå heile verda. Den vakre vestlandsnaturen dannar ei unik ramme om festivalen.
Villa Åmot
Vakker vestlandsnatur preger kulissane til den unike gardscena på Villa Åmot i Bygstad i Sunnfjord. Her står lokale, nasjonale og internasjonale kunstnarar for kulturopplevingar i særklasse. Utsøkt sunnfjordmat tilberedt av lokale råvarer og overnatting i det restaurerte våningshuset anno 1890 gir operagardbesøket ein ekstra dimensjon. Tildelinga av Olavsrosa, Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke, understrekar kor verdifulle opplevingar Villa Åmotd har å by på.
Kva skjer

Antall resultater:
Ingen resultater funnet
Følg oss...
Facebook