Velkommen til Sunnfjord
Sunnfjord ligg sentralt på Vestlandet med sitt kjende fjordrike og sterke kontrastar, midt mellom Bergen og Ålesund. Sunnfjord skil seg frå naboregionane i Sogn og Fjordane fylke. Med sine ukjende fjordarmar, sitt mjukare landskap samt kraftfulle og varierte vassdrag med eit rikt tal fossar, set dette preg på landskapsformar og busetting.
Opplev mangfaldet frå den vesle bygda nær fjellet eller fjorden til byen Førde med sitt varierte storbytilbod. Frå organiserte aktivitetar i urørd natur til nasjonale og særskilte kulturopplevingane hos Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Avstandane er korte mellom dei store opplevingane og regionen eignar seg godt for dagsturar frå breen i aust til fjorden og øyane i vest.