Opplev dei nasjonale turistvegane i Sogn

 

Ei reise på landevegen gjennom Sognefjordens spektakulære landskap

 

I Noreg finn du 18 utvalde vegstrekningar som går gjennom landskap med unike naturkvalitetar. Strekningane skal vere eit godt alternativ til hovudvegane, og køyreturen i seg sjølv skal vere ei god oppleving. 

I Sogn og rundt Sognefjorden finn du 3 av dei norske nasjonale turstivegane:

 

  1. Nasjonal Turistveg Gaularfjellet

Gaularfjellet er ei bortgøymt pere. Vegstrekket er den gamle ferdselsvegen mellom Sogn og Sunnfjord. Og på sommarsdagen eit fredfullt og nydeleg alternativ til stamvegane. Vegen går langs med verna vassdrag, og fjordarmar. Hårnålssvingar opp etter fjellsida til det kjende utsiktspunktet som berre heiter "Utsikten".

Vegen er steng på vinteren, og opnar vanlegvis til 1. mai. 

Lengde: 114 km Høgde: frå 0-743 moh. 

  1. Nasjonal Turistveg Sognefjellet

Sognefjellet over Noregs tak, gjennom Jotunheimen og ned til fagre Sogn og Skjolden.  Vegen er det høgstliggande vegstrekket i Nord Europa, og toppunktet ligg på heile 1400 moh. Vegen tek deg gjennom eit frodig kulturlandskap på Lom-sida til eit karrig steinet fjellandskap med ei fenomenal utsikt over delar av Jotunheimen og fagre fjell.  Ein køyrer også forbi dei segnomsuste fjella i Hurrungane før ein kjem ned til Fortun og vidare utover Lustrafjorden. Fire årstider på ein dag, det er Sognefjellet. Vegen er vinterstengt og opnar vanlegvis til 1, mai.  Delar av fjelloverganger er ofte også open til påske, slik skifolket skal ha enklare og lettare tilkomst til fjella. 

Lengde: 108 km Høgde: 0-1434 moh. 

 

  1. Nasjonal Turistveg Aurlandsfjellet

Aurlandsfjellet er Snøvegen mellom fjordane. Frå Lærdal til Aurland over 1300 meter over havet, gjennom frodige dalfører, storslegne utsiktspunkt er dette ein særs populær fjellveg spesielt blant utanlandske turistar. Vegen har dårleg mobildekning, og ein er overleten til seg sjølv store delar av strekket. Det kan vere stor trafikk mellom Aurlandsvangen og utsiktspunktet på Stegastein, spesielt ein flott sommarsdag. Det er ikkje anbefalt med bilar over 13 lengdemeter.

Vegen opnar vanlegvis til 1. juni.

Lengde: 47 km Høgde 0-1308 

 

Vegane er opne stort sett heile sommar og heile haust. Men det er viktig å ta med at dei kan bli stengde på kort varsel då alle er i høgfjellet. Sjekk alltid vêrmelding og vegmelding hjå Statens Vegvesen før ein køyrer over. 

Føl oss på Instagram